Tilråding frå formannskapet
Tokke kommune vedtek å lyse ut ein plan- og designkonkurranse for utbetring av Tokke skule, med utlysingsteksten som den ligg føre i saka med dei endringar som fylgjer av formannskapet si handsaming.
Finansierast gjennom det som er avsett til prosjekt i økonomiplanen.
Kommunedirektøren får fullmakt til å gjennomføre konkurransen innanfor den økonomiske ramma som er opplyst om i saka.