← Tilbake

Sak 74/2024 - Høyring - fast manøvreringsreglement for Sæbyggjeåi - Gausbu kraftverk

01
Framlegg frå formannskapet
Innstilling
Behandlet

Tokke kommune har ingen merknadar til den faglege rapporten frå Norconsult, og tilrår at det vert fastsett eit fast manøvreringsreglement på dette grunnlag slik:

-0,4 m3 /s i perioden 01.10 – 10.06

-0,8 m3 /s i perioden 11.06 – 30.06

-1,0 m3 /s i perioden 01.07 – 31.07

-0,8 m3 /s i perioden 01.08 – 30.09.

-Det må sikrast årlege flaumar på minst 7 m3 /s ut av Borsæ for å revitalisere botnsubstratet i åi.

NVE bør vurdere å planlegge regulanten å bygge om tersklane slik at ingen av desse er absolutte vandringshinder for fisk, jfr. Vannforskriften § 4.

Vedlegg

Les meir
02
Endringsforslag frå Sp, MDG og KrF
Endringsforslag
På vegner av Senterpartiet, Miljøpartiet Dei Grøne og Kristeleg Folkeparti
Behandlet

Framlegg til vedtak frå Sp, MDG og KrF i sak 74 om minstevassføring Borsæ til Gausbuvatn:

Bakgrunn:

Skafså kraftverk ANS har fire kraftverk i vassdraget mellom Borsæ og Vråvatn. Totalt blir det produsert om lag 330 GWh i dette vassdraget per år.

Dei tre kraftverka som ligg lenger ned i vassdraget er bygd på 1950-talet. Det er minstevassføring mellom Bjorvatn og Skrvatn sommarstid. Produksjonstapet er om lag 1,4 GWh for dette vassleppet. Elles er det ingen minstevassføring. Magasina til desse kraftverka er Borsæ og Foldurvatn og blei også bygd på 1950-talet. Fram til 1996, då Gausbu stod ferdig, blei alt vatn slept i elva frå Borsæ til Gausbuvatn/Hylebuvatn.

Då Gausbu kraftverk skulle byggast på 1990-talet var konsesjonsstyresmaktene meir medviten om at det frå eit økologisk og estetisk perspektiv var viktig med minstevassføring.

Dagens minstevassføring utgjer eit produksjonstap på om lag 4,5 GWh. Det er om lag 1,4 % av vassføringa til dei fire kraftverka i vasstrengen. Skafså kraftverk sitt framlegg frå 2023 medfører eit produksjonstap på rundt 3,9 GWh.

NVE kom i si innstilling frå 2007 til at vassføringa burde aukast. Med NVE sitt framlegg auker produksjonstapet til 6,1 GWh eller til ca. 1,9 % av total produksjon i vassdraget.

Dei siste tiåra har det kome meir nedbør. Skafså kraftverk sine tal viser at tilsiget målt ved Hylebuhylen er om lag 10 % høgare i perioden 1991-2000 enn i perioden 1961-1990. Moglegvis kan nedbøren ha auka ytterlegare i perioden frå år 2000 og fram til i dag. Når ein reknar minstevassføring i prosent av totalvassføring, må ein nytte oppdaterte tal. 

Tokke kommune har mange tørrlagte elvestrekningar i kommunen. Det er difor viktig at nokon elver har minstevassføring av ein viss storleik.

I søknaden frå Skafså kraftverk frå 2002 går det fram at minstevassføring er positivt for:

• Levevilkår for fisk i Sæbyggjåi og Gausbuvatn

• Sæbyggjeåi som verdi for grunneigarar og lokalsamfunnet 

• Estetiske omsyn.

I tillegg vil det også vere positivt for økologiske kvaliteten for alle planter og arter i Sæbyggjeåi, også utover fisk.

Rapporten til Norconsult frå 2023 er i hovudsak relatert til fisk og tar mindre omsyn til dei andre momenta som taler for minstevassføring. Når det gjeld fisketilhøve har rapporten også teke høgde for ei kost-nyttevurdering mellom kraftproduksjon og aurebestanden.

Eit moment for gode oppvekstvilkår for fisk er vassdekt areal, som er framheva i rapporten frå Norconsult. Men vassdjupne og vasstraum er i tillegg sentrale element for at kvaliteten på elva skal vere best mogleg for fisk. Desse momenta er også viktig å vektlegge.

Langs elva går fylkesveg 450 til reiselivsområdet på Skafsåheia. Suleskarvegen mellom Stavanger og Oslo er open frå 21. mai til 31. oktober. Det er mykje trafikk langs denne strekningen sommarstid. Det er også nokre 10-tals hytter som ligg nær Borsæåi.

Borsæåi er også relativt flat i høve til mange andre elver i kommunen. Det er då ekstra fint både økologisk og for utsjånaden at det renn ein del vatn i elva.

Korleis vassmengden skal fordelast utover i året er vanskeleg å vurdere, men Tokke kommune ynskjer å kome med eit innspel. Når det gjeld vintervassføring kan den kanskje reduserast ned til 0,5 m3 per sekund. Det er viktig med høgare sommarvassføring. Kanskje kan det vere rundt 1,5 m3/s frå 1.juli fram til i 15. november. Det omfattar perioden med mykje folk i området og i gyteperioden. 

Ein opplever at hausten er mildare slik at gyteperioden truleg kan halde fram noko i november. Difor er det foreslått at vassføringa er på 1,5 m3/s bør haldast fram til 15. november.

Framlegget nedanfor vil truleg tilsvare eit produksjonstap som er litt høgare enn NVE sitt framlegg frå 2007 på 6,1 GWh.Framlegget er som fylgjer:

16.11 - 15.05    0,5 m3/s

16.05 - 30.06 ​1,0 m3/s

01.07 - 15.11 ​1,5 m3/s

I tillegg sleppordningar vår og haust etter NVE sitt vedtak frå 2007:

«Midt i oktober, med 14 dagers mellomrom slippes det 2 m3/s i 2 døgn i Sæbyggjeåi, samtidig som Gausbukraftverk står.

Når det er mer enn 3 år siden vannføringen var større enn 20 m3/s ut av Borsæ, skal det førskommende vår slippes en vannføring på minimum 20 m3/s i tappeluka i Borsædammen i et døgn.»

NVE bør vurdere å pålegge regulanten å bygge om tersklaneslik at ingen av desse er absolutte vandringshinder for fisk, jf. vassforskriften § 4.

 

Vedtak:

Tokke kommune tilrår at minstevassføringa i Sæbyggjeåimellom Borsæ og Gausbuvatn blir sett til fylgjande:

16.11 -15.05    0,5 m3/s

16.05- 30.06 ​1,0 m3/s

01.07 -15.11 ​1,5 m3/s

Midt i oktober, med 14 dagars mellomrom skal det sleppast 2 m3/s i 2 døgn i Sæbyggjeåi, samstundes som Gausbu kraftverk står.

Når det er meir enn 3 år sidan vassføringen var større enn 20 m3/s ut av Borsæ, skal det fyrstkomande vår slippastei vassføring på minimum 20 m3/s i tappeluka i Borsædammen i eit døgn.

Framlegget vil medføre at Skafså kraftverk slepp totalt om lag 2 % minstevassføring mellom Borsæ og Vråvatn. Framleis vil om lag 98 % av vatnet gå til kraftproduksjon.

NVE bør vurdere å pålegge regulanten å bygge om tersklane slik at ingen av desse er absolutte vandringshinder for fisk, jf. vassforskriften § 4.

Vedlegg

Les meir