Framlegg frå formannskapet
Tokke kommune har ingen merknadar til den faglege rapporten frå Norconsult, og tilrår at det vert fastsett eit fast manøvreringsreglement på dette grunnlag slik:
-0,4 m3 /s i perioden 01.10 – 10.06
-0,8 m3 /s i perioden 11.06 – 30.06
-1,0 m3 /s i perioden 01.07 – 31.07
-0,8 m3 /s i perioden 01.08 – 30.09.
-Det må sikrast årlege flaumar på minst 7 m3 /s ut av Borsæ for å revitalisere botnsubstratet i åi.
NVE bør vurdere å planlegge regulanten å bygge om tersklane slik at ingen av desse er absolutte vandringshinder for fisk, jfr. Vannforskriften § 4.