Forslag

Varsel på øvste leiing i Tokke kommune

01
Framlegg frå varaordførar
Innstilling
Publisert

Varsel på ordførar

1. Kommunestyret tar saka til orientering

Varsel på kommunedirektør

1. Kommunestyret tar saka til etterretning

Vedlegg

Les meir
02
Forslag frå Ap, SV og H
Forslag
På vegner av Sosialistisk Venstreparti, Arbeiderpartiet og Høgre
Publisert

Grunngjeving

Forslaget er utforma for å sikre ei objektiv og rettferdig handsaming, som ivaretek alle involverte partar.Kommunen sine varslingsrutiner må følgjast. Særskilt erplikta til å undersøke varselet sentralt, med tanke på at dei tilsette og Tokke kommune sine innbyggjarar fortsatt skal ha tillit til og tru på politikarar og administrasjon. 

 

Ut i frå Arbeidsmiljølova §2A varsling, meiner opposisjonen i Tokke kommune at det eit klart krav om at vaslet skal undersøkast.

§ 2 A-3.Arbeidsgivers aktivitetsplikt ved varsling

(1) 

Når det er varslet om kritikkverdige forhold i virksomheten, skal arbeidsgiver sørge for at varselet innen 

rimelig tid blir tilstrekkelig undersøkt.

 

 

Forslag til vedtak i varsel mot Kommunedirektøren:

 

Kommunestyret har handsama varslingssaka som omhandler Kommunedirektøren, og fatta følgjande vedtak:

 

1. Kommunestyret ynskjer ei uavhengig gransking av varselet mot Kommunedirektøren, for å sikre ei objektiv vurdering av saka. Granskninga skal utførast av ein setje kommunedirektør eller annan kvalifisert tredjepart med spesialisering innen arbeidsrett og varslingssaker.

 

2. Kommunestyret pålegg at alle relevante dokument og opplysningar i saka vert stilt til rådigheit for den uavhengige granskingseininga, med omsyn til personvern og teieplikt. Kommunestyret skal haldast løpande orientert om framdrifta, innanfor det som er mogleg med omsyn til lovverk og konfidensialitet.

 

3. Kommunestyret delegerer til eit utval på tre politikarar frå posisjon og opposisjon til å jobbe med å finne ein setje kommunedirektør eller annan kvalifisert tredjepart.

 

4. Når granskninga er fullført, skal rapporten fremleggjast for kommunestyret, som vil ta stilling til vidare tiltak basert på rapportens konklusjonar og anbefalingar.

 

5. Kommunestyret skal i størst mogleg grad ha åpenheit rundt granskninga, innanfor det som er mogleg med omsyn til personvern og teieplikt.

 

6. Det vert sett av inntil kr. 300 000,- frå disposisjonsfondet til arbeidet.

 

 

 

 

Forslag til vedtak i varsel mot Ordførar:

 

Kommunestyret har handsama varslingssaka som omhandler Ordføraren, og fatta vedtak som er i samsvar med kommunen sine varslingsrutiner og forpliktingar jfr. Arbeidsmiljølova:

 

 

1. Kommunestyret ynskjer ei uavhengig gransking av varselet mot Ordføraren, for å sikre ei objektiv vurdering av saka. Granskninga skal utførast av ein kvalifisert tredjepart med spesialisering innen arbeidsrett og varslingssaker.

 

2. Kommunestyret pålegg at alle relevante dokument og opplysningar i saka vert stilt til rådigheit for den uavhengige granskingseininga, med omsyn til personvern og teieplikt. Kommunestyret skal haldast løpande orientert om framdrifta, innanfor det som er mogleg med omsyn til lovverk og konfidensialitet.

 

3. Kommunestyret delegerer til eit utval på tre politikarar frå posisjon og opposisjon til å jobbe med å finne ein setje kommunedirektør eller annan kvalifisert tredjepart.

 

4. Når granskninga er fullført, skal rapporten fremleggjast for kommunestyret, som vil ta stilling til vidare tiltak basert på rapportens konklusjonar og anbefalingar.

 

5. Kommunestyret skal i størst mogleg grad ha åpenheit rundt granskninga, innanfor det som er mogleg med omsyn til personvern og teieplikt.

 

6. Kostnaden vert dekt opp av dei avsette midlane under forslag til vedtak i varsling mot Kommunedirektøren

Forslag frå: Tokke Ap,TokkeSV og Tokke Høgre

Vedlegg

Les meir