Hopp til hovudinnhaldet

Votering er ferdig i denne saka.

Resultat av votering

08:57 Framlegg frå formannskapet

Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Vinje, Tokke, Hjartdal kommunestyre set av 317 000 kr kvar i 2024-budsjettet for å sikre klinisk veterinærvakt for Vest-Telemark vaktområde inkl. Hjartdal. Inndekning i 2024: Midlar avsett på planområde 4 - tiltak etter landbruksplanen.

Budsjettverknad for 2025 blir 327 000 kr etter 3% forventa prisvekst. Midlane skal dekke mellomlegget mellom dei reelle kostnadene og statleg tilskot for drift av døgnkontinuerleg klinisk veterinærvakt for Vest-Telemark vaktområde inkl. Hjartdal. Eventuell auke i statlege rammeoverføringar går til frådrag i kommunens eigenandel. Inndekning i 2025 og åra frametter: Innarbeidast i budsjettet i 2025 og åra frametter.

Vaktordninga skal møte følgjande kvalitetskrav: -Vakthavande veterinær må opphalde seg i vaktdistriktet -Vakta skal gjennomføre inseminering på storfe - det skal alltid vere minst ein veterinær på vakt som har naudsynt kompetanse for inseminering -Både hovud- og bakvakt skal vere utdanna veterinær -Ein av vaktene skal til ei kvar tid vere til stades i vaktdistriktet -Oppseiingstid for vaktavtalen er eitt år, gjeldande frå 1.1 i det påfølgjande året for oppseiinga

Vedteke

FOR

21
Arne Johannesen Sosialistisk Venstreparti Laila K. Taraldlien Senterpartiet Jarand Felland Senterpartiet Camilla Lagergren Knudsen Senterpartiet Birgit Johanne K. Olsnes Senterpartiet Olav Ståland Senterpartiet Geir Arild Djuve Senterpartiet Tor Arne Heggtveit Senterpartiet Jon Aslak Austjore Senterpartiet Gudny Anette Lofthus Senterpartiet Sverre Bakke Senterpartiet Benedikte Nes Miljøpartiet Dei Grøne Signe Marie F. Stenseth Kristeleg Folkeparti Svein Erik Hagen Høgre Stål Inge Gjetmundsen Fremskrittspartiet Mette Lillegård Arbeiderpartiet Gunn Siri Haugan Vindal Arbeiderpartiet Stein Olav Lie Arbeiderpartiet Sigrid Marit J. Verpe Arbeiderpartiet Kjell Magne Grave Arbeiderpartiet Solbjørg Frantzen Arbeiderpartiet

MOT

0