Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Vinje, Tokke, Hjartdal kommunestyre set av 317 000 kr kvar i 2024-budsjettet for å sikre klinisk veterinærvakt for Vest-Telemark vaktområde inkl. Hjartdal. Inndekning i 2024: Midlar avsett på planområde 4 - tiltak etter landbruksplanen.
Budsjettverknad for 2025 blir 327 000 kr etter 3% forventa prisvekst. Midlane skal dekke mellomlegget mellom dei reelle kostnadene og statleg tilskot for drift av døgnkontinuerleg klinisk veterinærvakt for Vest-Telemark vaktområde inkl. Hjartdal. Eventuell auke i statlege rammeoverføringar går til frådrag i kommunens eigenandel. Inndekning i 2025 og åra frametter: Innarbeidast i budsjettet i 2025 og åra frametter.
Vaktordninga skal møte følgjande kvalitetskrav: -Vakthavande veterinær må opphalde seg i vaktdistriktet -Vakta skal gjennomføre inseminering på storfe - det skal alltid vere minst ein veterinær på vakt som har naudsynt kompetanse for inseminering -Både hovud- og bakvakt skal vere utdanna veterinær -Ein av vaktene skal til ei kvar tid vere til stades i vaktdistriktet -Oppseiingstid for vaktavtalen er eitt år, gjeldande frå 1.1 i det påfølgjande året for oppseiinga