Hopp til hovudinnhaldet

Framlegg frå formannskapet

1. Budsjett 2025, handlingsprogram og økonomiplan 2025-2028.

Nytt handlingsprogram og økonomiplan 2025-2028 og budsjett 2028, med vedlegg, skal leggjast til grunn for Tokke kommune si verksemd i perioden og blir vedteke med netto rammer for kvart planområde, og med dei endringar som fylgjer av kommunestyret si handsaming.

a. For skatt på inntekt og formue blir nytta høgaste sats som Stortinget gjev høve til.

b. Kommunale gebyr og eigenbetalingar som ikkje er omtala andre stader i budsjettvedtaket blir auka med inntil 4,1%, eller så langt lov og forskrift gjev høve til det. Kommunedirektøren delegerast mynde til å fastsetje nøyaktige satsar innanfor denne ramma.

c. Kommunedirektøren justerar økonomiplantabellane og investeringsplanen etter endeleg vedtak i kommunestyret.

d. Konsesjonsavgiftene for 2025 – kr 8,3 mill, blir nytta til næringsutvikling/næringsarbeid (ansvar 4100, 4510, 4530 og 4540, 4,3 mill kr) og til dekning av avdrag på investeringar 4,0 mill).

e. Eventuelt endringar på netto driftsresultat for 2025 etter endeleg vedtak i kommunestyret blir justert mot disposisjonsfond.

2. Gebyr, avgifter brukarbetaling

Gebyr, avgifter og brukarbetaling blir fastsett i samsvar med pkt 9 i handlingsprogrammet. Kommunale avgifter, dvs vatn. og kloakkavgifter blir auka med 4,1% i 2025. Renovasjonsavgiftene og slamavgifta blir auka i høve til vedtak i representantskapet i Renovest IKS og feieavgifta blir auka i høve til vedtaket i representantskapet i Vest-Telemark Brannvesen IKS.

3. Inntektsramme for drifta

Driftsbudsjettet for 2025 blir vedteke slik det går fram av tabell 1 og tabell 2.1-2.5 i HP/ØP.

4. Budsjett-tiltak

For å tilpasse driftsrammene til dei fastsatte måla blir det gjennomført budsjett-tiltak i samsvar med Tabell 3 i budsjettframlegget.

5. Fordeling av utgifter mellom etatane

Etatane sine driftsrammer går fram av tabell 1 og 2.1-2.5 i HP/Ø