1.Tokke kommune stiller seg positiv til å by fram sin eigedom gnr/bnr 22/8 på 166 dekar til friviljug vern og utviding av Heddedalane naturreservat. Endeleg tilbod i samband med mogleg friviljug vern skal godkjennast av LMT og kommunestyret. Kommunen kan til ein kvar tid under prosessen velje å trekke seg, heilt fram til evt signering er gjort.
2.Tokke kommune stiller seg positiv til å by fram resten av sin eigedom gnr/bnr 1/2 (ca 550 da) til friviljug vern og utviding av Storskog (no Raudbergnuten) naturreservat. Det næraste arealet kring plassen Lindeviki takast ut av verneområdet. Endeleg tilbod i samband med mogleg friviljug vern skal godkjennast av LMT og kommunestyret. Kommunen kan til ein kvar tid under prosessen velje å trekke seg, heilt fram til evt signering er gjort.
3.Tokke kommune utarbeider høyringsuttale til Statsforvaltaren i Telemark si høyring på utviding av dei to verneområda nemnt ovanfor. Høyringsfrist er sett til 03.01.2025. Her leggast vekt på at verneføreskriftene for desse to områda vert utforma slik at ikkje vernet blir til hinder for mellom anna aktivitet, drift og vedlikehald av kommunen sitt anlegg i Lindeviki.
Endring av punkt 1.
Tokke kommune ønsker ikke å verne Gnr 22 Bnr 8 på 166 dekar pga. området er svært rasutsatt.
Tilkomstveien til Tokke kraftstasjon går forbi aktuelle område og det vil være behov for ny rassikringstiltak og vedlikehold av eksisterende rassikringstiltak.
Tokke kommune ser heller på å verne område øst for Tokke kraftstasjon kalt Gunnarshelle/vestre Dalen mot Lårdal.
Mindretalsframlegget frå LMT, Frå G A Djuve, Nytt punkt 2: Tokke kommune ynskjer ikkje å vera med på frivillig vern av Storskog, gnr/brnr 1/2 (ca 550da) med Lindeviki. Tokke kommune nyttar plassen Lindeviki til rekreasjon for eigne innbyggerar, samt turistar på Bandakkanalen, og ynskjer difor å halde denne eigendommen utanfor verneplanen. Det må og sikrast at vegen som er bygd ned til plassen kan vedlikehaldast og nyttast sjølv om eigendommane den gjeng over vert verna.