Hopp til hovudinnhaldet

Framlegg frå Landbruk, miljø og teknisk utval

1.Tokke kommune stiller seg positiv til å by fram sin eigedom gnr/bnr 22/8 på 166 dekar til friviljug vern og utviding av Heddedalane naturreservat. Endeleg tilbod i samband med mogleg friviljug vern skal godkjennast av LMT og kommunestyret. Kommunen kan til ein kvar tid under prosessen velje å trekke seg, heilt fram til evt signering er gjort.

2.Tokke kommune stiller seg positiv til å by fram resten av sin eigedom gnr/bnr 1/2 (ca 550 da) til friviljug vern og utviding av Storskog (no Raudbergnuten) naturreservat. Det næraste arealet kring plassen Lindeviki takast ut av verneområdet. Endeleg tilbod i samband med mogleg friviljug vern skal godkjennast av LMT og kommunestyret. Kommunen kan til ein kvar tid under prosessen velje å trekke seg, heilt fram til evt signering er gjort.

3.Tokke kommune utarbeider høyringsuttale til Statsforvaltaren i Telemark si høyring på utviding av dei to verneområda nemnt ovanfor. Høyringsfrist er sett til 03.01.2025. Her leggast vekt på at verneføreskriftene for desse to områda vert utforma slik at ikkje vernet blir til hinder for mellom anna aktivitet, drift og vedlikehald av kommunen sitt anlegg i Lindeviki.