1.Tokke kommune opnar opp for at Botndalen løypelag, og eventuelle idrettsaktørar kan søkje om «støtte til drift av idrettsanlegg i Tokke kommune» i 2025.
2. Støtta til idrettslaga som søkte i 2024 skal ikkje reduserast sjølv om ein tek opp nye idrettslag for dei resterande 3 åra.
3. Endeleg vedtak og innlemming av nye idrettslag i ordninga frå 2025 og ei auke i ramme for ordninga skal skje i kommunestyret.
Framlegg frå Sverre Bakke:
Framlegg:
I saksutgreiinga til denne saka står det litt vanskeleg til:
«Preparering og vedlikehald av løypenett i Botndalen. Løypenettet er tilrettelagt for snøskuter og ski»
Tokke kommune har ikkje godkjente løyper for snøscooter.
Det vil ikkje vera i trå med lov om motorferdsel i utmark og våre lokale forskrifter for motorferdsel å gjeva eit slikt tilskot.
Tokke kommunestyre mener at løypekøyring til Botnedalen løypelag ikkje oppfyller krava til å vere eit idretts- og nærmiljøanlegg som kan få driftsstøtte etter retningslinene til Tokke kommune