← Tilbake

Sak PS 14/25 - Varsel på øvste leiing i Tokke kommune

01
Framlegg til vedtak frå arbeidsgruppa
Innstilling
Behandlet

Tokke kommune lukkar varslet mot kommunedirektør med å gjennomføre ei kvalitativ arbeidsmiljøundersøkjing i regi av Bedriftshelsen.

Administrasjonsutvalet vert styringsgruppe for prosjekt og Arbeidsmiljøutvalet vert referansegruppe.

I forkant av undersøkjinga vert det det halde eit møte mellom styringsgruppe, arbeidsmiljøutval og Bedriftshelsetjenesten for å konkretisere innhaldet i undersøkjinga. HVO skal ha stemmerett i administrsjonsutvalet i denne saka.

Vedlegg

Les meir
02
Forslag frå S. Bakke (Sp)
Forslag
Behandlet

Framlegg frå Sverre Bakke:

1.

Varslingsaka på kommunedirektøren vert lukka i trå med tilrådinga frå utvalet som arbeida med denne saka.

2.

Kommunestyret bed kommunedirektøren legg fram sak for administrasjonsutvalget om korleis ein gjennomfører ein arbeidsmiljøundersøking i trå med det utvalet gjer framlegg om.

3.

Administrasjonsutvalet er styringsgruppe for undersøkinga.

Grunnen til at eg legg fram dette nye framlegg til vedtak er at eg meiner gruppa sitt framlegg ikkje er i trå med kommuneloven § 13-1 og ikkje i trå med våre regler for offentleg anskaffelser.

I administrasjonsutvalet sit alle i formannskapet, tillitsvalde og personalsjef og kommunedirektøren. Hovudvernombod sit der ikkje, men bør få møterett og talerett når ein handsamar denne saka.

Då vil alle som har rett til medvirkning og informasjon få denne på same tid og ha ei hand på rattet.

Vedlegg

Les meir