• Ein skal halde på budsjett som er vedteke for 2025, dvs tabell 1.
• På Dalen reinseanlegg kjem ein attende med meir utgreiing og vurdering om prosjektet med rein- og urein-sone.
• Ein skal ikkje utgreie to gebyrområde i denne omgang.
Kommunestyret prioriterer etablering av rein og urein sone for å oppfylle lovpålagte krav og sikre forsvarlege arbeidsforhold. Investeringsbudsjettet for 2025 vert oppjustert med kr. 1,5 mill. For VA til planlegging og prosjektering.
Endeleg finansiering vert vedteke i budsjetthandsaminga for 2026.