Forslag

Kommunale bustadtomter - evaluering av praksis

01
Framlegg frå formannskapet
Innstilling
Behandlet

1. Ordninga med at tomter som er planlagt for meir enn 10 år sidan gis bort til personar som ynskjer å byggje bustad opphøyrer.

2. Tomter som i dag er gratis blir prissatt til 30000,-. Skøyte til eigedomen blir fyrst tinglyst når kommunen har motteke byggjesøknad.

3. Byggjearbeidet på tomta må setjast i verk i løpet av eit år etter at skøytet er tinglyst. Tomta kan ikkje reknast som påbyrja om ikkje vesentlege grunnarbeid er utført, som til dømes grunnmur m.m.

4. Det er ikkje høve til å overdra ubebygde tomter, utan kommunens samtykke.

5. Tomter som ikkje er påbyrja inna 1 år etter tinglysing skal overførast tilbake til Tokke kommune vederlagsfritt.

Vedlegg

Les meir