Prinsipp for lokkeflaumar i Tokkeåi
Framlegg frå formannskapet
Tokke kommune syner til tidlegare utgreiingar frå Multiconsult v/Morten Kraabøl om at storaurestamma i Bandak er kritisk truga. Det er difor viktig at det vert lagt best mogleg til rette for gyting i Tokkeåi også nedanfor Helvetesfossen straks. Dei føreslegne prinsipp for lokkeflaumar bør difor bli sett i verk allereie frå hausten 2025 og ikkje som i pkt. 15 i forslaget fyrst når fiskepassasjen er ferdig.
Elles synest prinsippa som er føreslege å vere eit godt startpunkt, og kommunen har ikkje merknader til dei andre prinsippa (pkt. 1-9)
Vedlegg
Forslag frå J. Felland (Sp)
I framlegget til prinsipp for lokkeflaum må ein sjå punkt 4 og 5 i samanheng. Etter punkt 5 er det framlegg om at dersom det i perioden 1-15. august er minst 30 m3 per sekund i over 24 timar i samheng målt ved Vinje dam (Tveito dam), blir det ikkje noko av lokkeflaumen rundt 25. august. Då vil neste slepp vere rundt 15. september. Perioden 15. august til 15. september er viktig for storauren av omsynt til vandring og gyting. Det er uheldig at denne perioden kan bli utan ein lokkeflaum.
Tokke kommunestyre tilrår at punkt 5 går ut av framlegget til prinsipp for slepp av lokkeflaum i Tokkeåi.