← Tilbake

Sak PS 44/2025 - Dagsenter

01
Tilråding frå formannskapet
Innstilling
Behandlet

Kommunedirektøren tilrår at det blir arbeidd vidare med detaljplanlegging og finansiering av ei utviding av dagsenteret for eldre, med særleg vekt på dei helsefaglege og folkehelsemessige gevinstane tiltaket gir. Investeringsbudsjettet blir justert ned til 250 000 i 2025 og oppjustert til 8,425 MNOK i 2026. med ein total kostnad på 8 675 000,-

1. Tokke kommune justerer investeringsprosjektet “Utviding av dagsenter ved Tokke Helsesenter” med ein total ramme på kr 8 675 000.

2. Følgjande fordeling blir lagt til grunn i økonomiplanen: - 2025: kr 250 000 til forprosjekt - 2026: kr 8 425 000 til gjennomføring

3. Administrasjonen får fullmakt til å sende søknad til Husbanken, med bakgrunn i skisseforslaget.

4. Eige politisk sak om gjennomføring og detaljprosjekt vil bli fremja hausten 2025, i samband med arbeidet med budsjett og økonomiplan for 2026–2029.

Vedlegg

Les meir
02
Forslag frå L. K. Taraldlien (Sp)
Forslag
Behandlet

Fremmer punkt 5 fra HSU:

5.Det blir teke atterhald om at ein ikkje tek til med prosjektet før kommunen har fått skriftleg tilsagn om støtte fra Husbanken

Vedlegg

Les meir