Formannskapet si tilråding
Ei fjerning av Laugevatn dam og senking av vasstanden i Laugevatn med om lag 1,4 m vil vere negativt for friluftsinteresser og turisme i området – særleg bading. Dammen er også ein del av industri- og lokalhistoria i kommunen, og særleg for bygda Lårdal. Då kostnadane med at dammen blir ståande er små tilrår Tokke kommunestyre at dammen blir ståande.
Behandling
Geir Arild Djuve (Senterpartiet) fremja følgjande forslag:
Forslag til endra tekst ,siste setning i komm.direktørens tilråding:
«Då kostnadane ved at dammen vert ståande er små, tilrår Tokke kommunestyre at det ikkje vert gjeve løyve til riving. Ansvar og eigeforhold til dammen bør fortsette som nå, med Vest Telemark Kraftlag AS som den profesjonelle aktøren.»
Vedtak
Formannskapet si tilråding samrøystes vedteke.
Geir Arild Djuve (Senterpartiet) sitt forslag samrøystes vedteke.