Formannskapet si tilråding
1. Helse- og sosialutvalet og Oppvekst, kultur- og idrettsutvalet vert slege saman frå 1.januar 2026.
2. Det nye hovudutvalet får det politiske ansvaret for dei same sakene som HSU og OKI har i dag – det politiske delegeringsreglementet justerast tilsvarande.
3. Hovudutvalet får namnet helse, oppvekst, kultur- og idrettstutvalet (HOKI), og skal ha 7 medlemer.
Punkt 4,5 og 6 utsettast til kommunestyremøtet i februar.
Behandling
Jon Aslak Austjore (Senterpartiet) fremja følgjande tilleggsforslag på vegne av Sp, KrF:
Endring av punkt 1. Samanslåing gjeld frå 15/2-2026 .
Ellers som formannskapet sitt vedtak.
Vedtak
Jon Aslak Austjore (Senterpartiet) sitt tilleggsforslag vart sett opp mot Punkt 1 1. Helse- og sosialutvalet og Oppvekst, kultur- og idrettsutvalet vert slege saman frå 1.januar 2026.
Jon Aslak Austjore (Senterpartiet) sitt tilleggsforslag samrøystes vedteke.
Punkt 2 2. Det nye hovudutvalet får det politiske ansvaret for dei same sakene som HSU og OKI har i dag – det politiske delegeringsreglementet justerast tilsvarande.
3. Hovudutvalet får namnet helse, oppvekst, kultur- og idrettstutvalet (HOKI), og skal ha 7 medlemer.
Punkt 4,5 og 6 utsettast til kommunestyremøtet i februar. samrøystes vedteke.
Formannskapet si tilråding samrøystes vedteke.