Hopp til hovudinnhaldet
01

Kommunedirektørens tilråding

Innstilling Behandlet

Tokke kommunestyre sitt høyringssvar går fram av sakasutgreiinga over.

Vedlegg

Les meir expand_more
02

Forslag frå C. L. Knudsen (Sp)

Forslag Behandlet

Forslag til vedtak:

Avvikle lærarnorm

Lærarnormen blei inn innført i 2018 for å sikre ei grunnbemanning av lærarar i grunnskulen. No har kommunekommisjonen føreslått å avvikle lærarnormen eller leggje han på kommunenivå. Målet er at kommunar skal få meir fleksibilitet i fordeling av lærarressurser og at arbeidskraft enklare skal kunne flyttast frå oppvekstsektoren til helsesektoren.

Innføring av lærarnormen har ført til 2500 fleire lærarar i grunnskulen. Ei avvikling av lærarnormen vil føre til færre lærarar i skulen, større klassar, mindre tid til kvar elev og meir press på lærarane. Det vil igjen føre til mindre fagleg oppfylging og reduserte sjansar for å forhindre utanforskap. Lærarnormen, slik han er organisert i dag, har ein fleksibilitet som gjer at ressursane kan brukast der det er størst behov innanfor skulens hovudinndeling av klassetrinn.

På nasjonalt nivå er det mangel på lærarar. Altfor mange sluttar. I dag er det 40.000 utdanna lærarar i Noreg som ikkje jobbar som lærarar. I tillegg ser vi ei endring i samfunnet. Talet på elevar som har utfordringar med konsentrastjon aukar. Seinast i går kunne vi lese på nrk.no om at det er i kraftig auke i antalet med ADHD dei siste åra. I Noreg brukar 124 000 personar ADHD-medisin. Det er ei auke på 85 % på fire år.

Utfordringa vi har i framtida med færre yngre og fleire eldre, må vi ta på alvor. Det blir derfor endå viktigare å verne om og å utvikle arbeidskrafta vi har på ein god måte og sørge for at ingen faller utanfor. Dei som er unge i dag må bli godt rusta til å stå arbeidslivet når dei blir vaksne. Lærarane er fagfolka vi treng for å utvikle god arbeidskraft og for å forhindre utanforskap. Vi treng fleire lærarar ikkje færre.

Å heve lærarnormen frå skulenivå til kommunenivå kan også få uheldige konsekvensar. Det kan oppstå kamp mellom rektorar om lærarressursane i kommunane. Det kan også få negative konsekvensar for kommunar som har ulik storleik på skulane, sidan kommunen kan få krav om færre lærarar totalt sett når elevtalet i heile kommunen blir slått saman.

Tokke kommune ynskjer å behalde lærarnormen på skulenivå slik den er i dag.

Vedlegg

Les meir expand_more