Hopp til hovudinnhaldet
01

Svar på interpellasjon ved ordførar Jarand Felland (SP)

Interpellasjon Publisert

Tokke kommune deltar i interkommunalt samarbeid om kommunepsykologteneste saman med Seljord, Kviteseid, Fyresdal og Nissedal. Samarbeidet er organisert som eit vertskommunesamarbeid med Seljord kommune som vertskommune. Vertskommunen har fått delegert mynde til å utføre arbeidsoppgåvene (psykologtenester) i samarbeidskommunane. Kommunepsykologtenesta har 1,5 årsverk som skal fordelast på dei 5 samarbeidskommunane. Budsjettet for 2026 er på om lag 2,6 MNOK. Tokke kommune betalar om lag 570 000 kroner, som tilsvarar om lag 20 %.

Den interkommunale psykologtenesta har som mål å auke den faglege kompetansen til tilsette som arbeider med barn og unge i kommunane, slik at tenestene i kvar enkelt kommune styrkast på sikt. Vidare arbeider kommunepsykologtenesta med å auke kompetanse på tvers av kommunane og styrke samarbeidet med BUP.

Å gje ein prosentvis arbeidsfordeling mellom satsingsområda plan- og utviklingsarbeid, tverrfagleg arbeid (både primærførebyggande og oppfylging i enkeltsaker), rettleiing av faggrupper og profesjonar og klinisk arbeid er utfordrande, fordi områda ofte glir over i kvarandre. Til dømes vil rettleiing av faggrupper vere ein del av utviklingsarbeidet med å blant anna auke kompetanse. Rettleiing inneber også oppfylging av enkeltsaker, som vidare gjev tilsette i kommunane meir kunnskap og kompetanse til å handtere liknande saker i framtida. I staden har kommunepsykologane beskrive korleis dei arbeider innanfor dei ulike satsingsområda.

Plan- og utviklingsarbeid

Det varierer kor mykje psykologtenesta er involvert i kommunane sitt plan- og utviklingsarbeid. Tenesta er involvert i faste møter i kvar enkelt kommune der utvikling av tenestene står sentralt. Kommunepsykologane arbeider kontinuerleg med å utvikle tenestene i kommunane og auke kompetanse gjennom rettleiing. Det er no sett i gang eit prosjekt på tvers av kommunane i samarbeid med BUP der målet er å auke kompetanse om nevrobiologisk utvikling. Kommunepsykologtenesta har søkt prosjektmidlar for å kurse tilsette i kommunane.

Tverrfagleg arbeid

Kommunepsykologtenesta deltek på faste tverrfaglege møter i alle kommunane, som til dømes SLT, barne- og ungdomsmøter, sosialpedagogiske møter på grunnskule og vidaregåande skule, og NAV. Deltar også på samarbeidsmøter med skule, helse, BUP og tverrfaglege rettleiingsgrupper. Tverrfagleg arbeid er ein stor del av arbeidskvardagen til kommunepsykologane, og går inn under både utviklingsarbeid, rettleiing og klinisk arbeid.

Rettleiing av faggrupper og profesjonar

Rettleiing til tilsette som arbeider med barn og unge – helsesjukepleiarar, tilsette i psykisk helse, skule og barnehage. Tenesta skal vere lett tilgjengeleg for drøfting av enkeltsaker, og blir også bruka mykje til dette av helsesjukepleiarar og tilsette i psykisk helse. Rettleiinga har som mål å tilby verktøy som skal vidareutvikle den tilsette sin kompetanse, slik at den tilsette vert tryggare i neste møte med liknande problematikk. Det finst faste rettleiingsgrupper på tvers av helse og oppvekst i enkelte kommunar, og psykologane har laga digitale føredrag som er tilgjengelege for tilsette i kommunane.

Klinisk arbeid

Kommunepsykologane arbeider i dag ikkje direkte klinisk med barn/føresette. Eit barn som treng oppfylging vil ofte ha behov for faste samtaler som også involverer møter med foreldre, skule og BUP. Det er stor pågang av barn og unge som ynskjer oppfylging av psykolog. Erfaring frå andre kommunar viser at kommunepsykologar som arbeider klinisk ikkje har kapasitet til å utføre andre oppgåver som utviklingsarbeid, rettleiing og liknande. Dersom kommunepsykologtenesta skal drive direkte klinisk arbeid med barn og unge vil dette truleg ta ein svært stor del av kapasiteten til kommunepsykologtenesta.

Den interkommunale psykologtenesta arbeider i tråd med målsettinga frå etableringa i 2019, med størst vekt på kompetanseheving og rettleiing av tilsette som arbeider direkte med barn og unge i kommunane. Å dreie

tenesta over til klinisk behandling vil redusere kapasiteten til å utføre andre arbeidsoppgåver som på sikt gjev størst gevinst for flest barn.

Vedlegg

Les meir expand_more