Behandling
Camilla Lagergren Knudsen (Senterpartiet) fremja følgjande interpellasjon:
Tokke kulturskule har i dag tilbod innan musikk, dans, drama og visuell kunst. Det er omlag 4,4 årsverk i kulturskulen.
Frå haust 2026 blir årsverka redusert til om lag 3,9. Det er ein konsekvens av innsparingstiltak i budsjettvedtak haust 2025. Oppvekst har i tillegg redusert sine rammer både i skule, barnehage og vaksenopplæringa. Kulturskulen er lovpålagt, men ikkje talet på årsverk.
Innsparinga vil ikkje få dei store konsekvensane ut frå dagens tilbod i Kulturskulen.
I opplæringslova står det:
· 26-1 Kulturskule: Kommunen skal ha eit tilbod om kulturskule til barn og unge, organisert i tilknyting til skulen og kulturlivet.
· 26-2 Formålet med kulturskulen: Kulturskulen skal leggje til rette for at elevane får delta i ulike aktivitetar der dei får lære, oppleve, skape og formidle kulturelle og kunstnariske uttrykk, i eit trygt og godt skulemiljø.
Med bakgrunn i formålet arbeider kulturskulen gjennomgåande med at elevar og andre som deltek i kulturskulens aktivitetar, skal lære, oppleve, skape og formidle kulturelle og kunstnariske uttrykk. Kulturskulens aktivitetar foregår i trygge og gode skulemiljø.
Kulturskulens mål heng saman med kulturskulens visjon, samfunnsoppdrag og formål.
Kulturskulen har til dømes som mål at
· alle barn og unge har tilgang til relevant og tilpassa kunst- og kulturfagleg opplæring av høg kvalitet i eit trygt og godt skulemiljø
· alle barn og unge som er kvalifiserte for det, får tilgang til kunstfagleg fordjupning, som kan danne grunnlag for vidaregåande og høgare utdanning innan kunst- og kulturfag
· alle kulturskulens elever og andre som møter kulturskulens tilbod, får moglegheit til å utfolde seg kunstnarisk
· alle innbyggarane i kommunen opplever kulturskolens tilbod som godt synleg, relevant og inkluderande
Det blir ettespurt tilbod kring friluftsliv og fysisk aktivitet i naturen. Slik administrasjonen forstår det er dette aktivitetar som til dømes «Speidaren» som er ein frivillig organisasjon.
Tokke kulturskule har ikkje kapasitet til å organisere alle formar for tilbod. Generelt må ein ved nye tilbod omdisponere dagens ressursar og andre tilbod må takast vekk. Nye tilbod må vurderast i høve til kulturskulens mål i opplæringslova og om ein har lærerar som stettar kompetansekrava. Me tenkjer at idrettslaget i stor grad gjev tilbod som ivaretek fysisk aktivitet på fritida. Det vil alltid vere ønskje om andre aktivitetar, men på ein liten stad må me gjere eit utval.
Dersom det er nokre personar som har kompetanse på friluftsliv og fyrstehjelp vil det alltid vere mogleg å starte opp dette på eiga hand der ein kan søkje om stønad (lag og frivillige organisasjonar).