Behandling
Camilla Lagergren Knudsen (Senterpartiet) fremja følgjande interpellasjon:
I dag er det normkrav som seier kor mange lærerar det skal vere for eit bestemt tal på elevar.
Dersom normkravet blir endra eller teke vekk, er vår vurdering at konsekvensen ikkje blir så stor skilnad i Tokke.
I Tokke har me ikkje lagt til grunn normkrav for å beregne ressursane me nyttar til enkeltklasser. Det har heller vore bygd på ei pedagogisk vurdering som: Særskilte behov for klassa, fokus på tideleg innsats, enkelt elevars behov i klassa osv.
Ein god pedagogisk refleksjon gjev meire effektiv utnytting av ressursane for å gje eit best mogleg læringsutbytte for elevane.
I Tokke har ein generelt ikkje store klasser og dermed kjem sjeldan normkrava til anvendelse. Isolert for Tokke er det liten betydning for om normkravet blir endra eller teke vekk.
På eit generelt grunnlag bør ein ha tildeling av ressursar til skular og klasser bygd på kva behov klassa har. Det betyr at ein må ha større pedagogisk refleksjon kring klassa sine styrker og utfordringar. Ressursfordeling bør ikkje skje på grunnlag av minimumskrav.