Formannskapet si tilråding
Utviding av arealet til Tokkegym gjerast med eit tilbygg på framsida av Tokkehallen mot kulturhuset, slik som teikningane syner. Det kan gjerast nokre endringar av løysinga undervegs i prosjektet, for å få eit best mogleg areal- og kostnadseffektivt tilbygg. Bygget skal eigast av Tokke kommune og Tokkegym driftast av Tokke kommune.
Prosjektet blir innarbeida i investeringsbudsjettet for 2027. Kommunedirektøren får fullmakt til å gjennomføre prosjektet innanfor den økonomiske ramma på kr.3 700 000,- i 2027. Kommunen bør også vurdere moglegheiter for å skape eit treningstilbod (gym) som passar for dei som er i ungdomsskulealder.
Vedlegg
Forslag frå Ap, SV og H
Tillegg til sak 37/2026
Administrasjonen skal samarbeide med IL Tokke når det gjeld avgjerder om areal, utstyr, åpningstider og planløysing av nye Tokkegym.