Hopp til hovudinnhaldet
01

Tilråding frå formannskap

Innstilling Behandlet

Arbeidsgruppa for ny Tokke skule engasjerer arkitekt og teknisk prosjekteringsgruppe for utforming av eit nytt frittståande skulebygg på eksisterande skuleområde, og for å utarbeide eit revidert anbodsgrunnlag. Det blir gjennomført ein ny totalentreprisekonkurranse på dette grunnlaget. Utvala og kommunestyret får forprosjektet til behandling og avgjerd før prosjektet lysast ut på anbod.

Vedlegg

Les meir expand_more
02

Forslag frå Sp, MDG og KrF v/ S. Bakke

Forslag Trekt

Framlegg frå Sp, MDG og Krf

Grunngjeving

Forslaget

Vedlegg

Les meir expand_more
03

Forslag frå Sp, MDG og KrF

Forslag Presentert av: Sverre Bakke På vegner av Senterpartiet, Miljøpartiet Dei Grøne og Kristeleg Folkeparti Behandlet

Grunngjeving og vedtak:

Tokke kommune skal engasjere rådgjevarar til å utforme eit nytt frittståande skulebygg på eksisterande skuleområdet. På bakgrunn av erfaringar og tilrådingar etter den avlyste konkurransen skal kommunen lyse ut ein ny anbodskonkurranse. Arbeidsgruppa må engasjere rådgjevar og

teknisk prosjekteringsgruppe for å utforme eit nytt frittståande skulebygg på eksisterande

skuleområde, og utarbeide eit revidert anbodsgrunnlag.

Det nye frittståande skulebygget skal innehalde 1-10 skule. Lio-fløyen blir vidareført som sjølvstendig bygg for å ta vare på spesialromma slik at ein kan bruke desse vidare. Med tre bygg som ligg mot kvarandre; Raudbygget, Kulturhuset og nytt skulebygg, vil ein kunne få ei fin tunløysing. Ved planlegging bør det også planleggast eit best mogleg uteområdet. Det bør leggast opp til grøntareal og plantast tre på skuleområdet.

Det skal utarbeidast ei totalentreprisekonkurranse på dette grunnlaget. Kostnaden med entreprisen inkludert inventar, riving av bygningsmasse, enkel oppussing av Raudbygget og opparbeiding av uteområde må halde seg innanfor ei ramme på 100 MNOK.

Politiske organ i Tokke kommune skal ha forprosjektet til handsaming før prosjektet blir lyst ut på anbod.

Vedlegg

Les meir expand_more