Tilråding frå formannskap
Arbeidsgruppa for ny Tokke skule engasjerer arkitekt og teknisk prosjekteringsgruppe for utforming av eit nytt frittståande skulebygg på eksisterande skuleområde, og for å utarbeide eit revidert anbodsgrunnlag. Det blir gjennomført ein ny totalentreprisekonkurranse på dette grunnlaget. Utvala og kommunestyret får forprosjektet til behandling og avgjerd før prosjektet lysast ut på anbod.
Behandling
Tilråding frå formannskap:

Sverre Bakke (Senterpartiet) fremja følgjande forslag på vegne av Sp, MDG, KrF:
Grunngjeving og vedtak:
Tokke kommune skal engasjere rådgjevarar til å utforme eit nytt frittståande skulebygg på eksisterande skuleområdet. På bakgrunn av erfaringar og tilrådingar etter den avlyste konkurransen skal kommunen lyse ut ein ny anbodskonkurranse. Arbeidsgruppa må engasjere rådgjevar og
teknisk prosjekteringsgruppe for å utforme eit nytt frittståande skulebygg på eksisterande
skuleområde, og utarbeide eit revidert anbodsgrunnlag.
Det nye frittståande skulebygget skal innehalde 1-10 skule. Lio-fløyen blir vidareført som sjølvstendig bygg for å ta vare på spesialromma slik at ein kan bruke desse vidare. Med tre bygg som ligg mot kvarandre; Raudbygget, Kulturhuset og nytt skulebygg, vil ein kunne få ei fin tunløysing. Ved planlegging bør det også planleggast eit best mogleg uteområdet. Det bør leggast opp til grøntareal og plantast tre på skuleområdet.
Det skal utarbeidast ei totalentreprisekonkurranse på dette grunnlaget. Kostnaden med entreprisen inkludert inventar, riving av bygningsmasse, enkel oppussing av Raudbygget og opparbeiding av uteområde må halde seg innanfor ei ramme på 100 MNOK.
Politiske organ i Tokke kommune skal ha forprosjektet til handsaming før prosjektet blir lyst ut på anbod.
Votering:
Forslag frå Sp, MDG og KrF vart vedteke med 12 mot 9 stemmer.
Tilråding frå formannskap
Arbeiderpartiet (6/6)
Fremskrittspartiet (1/1)
Høgre (1/1)
Sosialistisk Venstreparti (1/1)
Forslag frå Sp, MDG og KrF
Kristeleg Folkeparti (1/1)
Miljøpartiet Dei Grøne (1/1)
Senterpartiet (10/10)
Sverre Bakke (Senterpartiet) fremja følgjande forslag som seinare vart trekt:
Framlegg frå Sp, MDG og Krf
Grunngjeving
Forslaget
Vedtak
Sverre Bakke (Senterpartiet) sitt forslag vart sett opp mot Tilråding frå formannskap