Votering er ferdig i denne saka.
Resultat av votering
14:37 Tilråding frå Landbruk, miljø og teknisk utval
- Kommunestyret vedtek nye husleigesatsar for kommunale bustader frå 01.07.2026 slik det går fram av tabellen i saka.
- Dei nye satsane skal gjelda ved inngåing av nye leigekontraktar frå 01.07.2026.
- Eksisterande leigekontraktar blir ikkje automatisk endra til nytt husleigenivå frå 01.07.2026. Regulering av eksisterande leigeforhold skal skje i samsvar med gjeldande kontrakt og husleigelova.
- Dei nye husleigesatsane skal regulerast årleg med KPI, med 01.07.2026 som basisdato.
- Kommunedirektøren får fullmakt til å gjennomføra nødvendige administrative endringar i leigekontraktar, rutinar og fakturagrunnlag i samsvar med vedtaket.
- Økonomisk effekt av nye husleigesatsar blir følgd opp i budsjett og økonomirapportering for planområde 5 Teknisk.
Samrøystes vedteke
14:37 Forslag frå Sp
Tillegg tekst i kulepunkt 5.
Kommunale bustader skal som hovedregel tildelast med tidsavgrensa leigekontrakt.
Vedteke