Hopp til hovudinnhaldet
01

Tilråding frå formannskap

Innstilling Behandlet

Tokke kommune er positive til utbetring av fv 450 ved Vrengen bru. Kommunen ber Telemark fylkeskommunen ta særskilte omsyn til garden Reflebrekk for at påverknaden av vegen blir så liten som råd.

Vedlegg

Les meir expand_more
02

Forslag frå S. Bakke (Sp)

Forslag Behandlet

Framlegg i sak 44/26 Tokke kommunestyre frå Sverre Bakke Sp

Tokke kommunestyre vil ikkje tilrå bygging av Vrengen bru slik som utkastet til plan ligg føre.

Ein grunngjev det med store miljømessig konsekvensar i eit viktig kulturlandskap som Eidsborg er og at dette er til stor ulempe for garden Reflebrekk.

Tokke kommunestyre vil tilrå den gamle planensom går bak haugen på garden Reflebrekk og at ein bygger kulvert i staden for bru.

Ein grunngjev dette med at :

  1. Det er miljømessig rett å bygge bak haugen , då skjæringane her ikkje blir synleg i kulturlandskapet i Eidsborg.
  2. Veglengda på dei to traseane er om lag lik.
  3. Vi trur det er billigar å bygge over myra med kulvert enn ei ny bru. Ein kan bruke dei massene ein får til å fylle seg over bekken.

Vedlegg

Les meir expand_more