Hopp til hovudinnhaldet
01

Tilråding frå formannskap

Innstilling Behandlet

Grunngjeving:

Uttak av stein fell inn under minerallova frå 2009. Etter § 12 i loven følgjer det at det ikkje kan gjevast løyve til prøveuttak for meir enn 2000 m3 masse, unnateke i særlege tilfelle.

På bakgrunn av minerallovens hovudregel er det naturleg at kommunens løyve etter plan- og bygningsloven blir sett i samsvar med mineralloven.

Vedtak:

I medhald av plan- og bygningslova §19-2 blir det gjeve løyve til eit prøveuttak på inntil 2 000 kubikkmeter fjell.

Det setjast følgjande vilkår:

  • Arealet for prøveuttak må setjast i stand av søkjar i samråd med kommunen, dersom det ikkje blir iverksett vidare masseuttak.
  • Om det blir aktuelt med vidare drift krev Tokke kommune at det vert utarbeidd reguleringsplan for området.
  • Det må ligge føre godkjent søknad frå Direktoratet for mineralforvaltning før prøvedrift vert igangsett.

Vedlegg

Les meir expand_more
02

Innstilling frå T. A. Heggtveit (Sp)

Innstilling Behandlet

I medhald av plan- og bygningslova §19-2 blir det gjeve løyve til eit prøveuttak på inntil 7 000 kubikkmeter fjell som vist i søknaden.

Det setjast følgjande vilkår:

  • Arealet for prøveuttak må setjast i stand av søkjar i samråd med kommunen, dersom det ikkje blir iverksett vidare masseuttak.
  • Om det blir aktuelt med vidare drift krev Tokke kommune at det vert utarbeidd reguleringsplan for området.
  • Det må ligge føre godkjent søknad frå Direktoratet for mineralforvaltning før prøvedrift vert igangsett

Vedlegg

Les meir expand_more