Hopp til hovudinnhaldet
01

Svar på interpellasjon

Forslag Publisert

Svar ved ordførar Jarand Felland (Sp) på interpellasjon frå Arne Johannesen (SV) om utslepp frå Dalen Mekaniske i kommunestyremøte 22. september 2026

Dalen Mekaniske er ei viktig verksemd i Tokke kommune.

Dalen Mekaniske Produksjon AS har etablert eit anlegg for kjemisk og elektrolytisk overflatebehandling. Statsforvaltaren har vurdert at anlegget ved full drift er omfatta av industriutsleppsdirektivet, IED. Det skuldast at samla volum av prosessbada er oppgitt til 98 m³. Statsforvaltaren har derfor kravd at verksemda søkjer om løyve etter forureiningslova.

Det er Statsforvaltaren, og ikkje kommunen, som skal gje løyve til utslepp etter forureiningslova.

Statsforvaltaren har opplyst at Dalen Mekaniske per i dag ikkje har teke i bruk alle prosessbada. Så lenge samla volum av prosessbad som er i bruk er under 30 m³, er verksemda regulert etter forureiningsforskrifta kapittel 28.

Tokke kommune meiner det er viktig at spørsmål om utslepp og omsynet til Bandak blir tekne på alvor.

1. Er krava til reinsing og utslepp frå Dalen Mekaniske gjennomførte?

Nei, alt er ikkje gjennomført. Vi har fått opplyst frå Dalen Mekaniske at selskapet planlegg eit moderne reinseanlegg til ein større kostnad.

Det er sendt søknad, men Statsforvaltar venter på oppdatert søknad med grunnlag i to COWI-rapportar frå september 2026.

Det er også slik at det er varsla endringar i forureiningsforskrifta. Desse endringane stiller strengare krav til utslepp. Statsforvaltar har ynskje om å vente med og handsame søknaden til desse krava har blitt sett i verk. På den måten unngår ein å måtte handsame søknad om utslepp to gonger etter gamle og nye utsleppskrav.

2. Korleis følgjer Tokke kommune opp krava til reinsing og dokumentasjon når det gjeld utslepp?

Tokke kommune vil følgje saka og ei eventuell høyring. Tokke kommune skal ikkje etablere eit parallelt kontrollregime eller sjølv godkjenne reinseteknologi og utsleppsvilkår.

3. Kven overvaker utsleppa?

Verksemda har ansvar for å etterleve krava i gjeldande regelverk og gjennomføre naudsynte eigenkontroll og målingar.

Dalen Mekaniske Produksjon må følgje opp en prøvetakingsplan som er godkjent av Statsforvaltar. Anlegget har automatisk prøvetakingspunkt som tek prøver under drift. Statsforvaltaren følgjer opp Dalen Mekaniske kapittel gjennom tilsyn.

4. Kvar finn vi resultata av kontroll av utslepp opp mot gjeldande miljøgrenser?

Grenseverdier for utslepp finst i ulike forskrifter mellom anna som vedlegg til forureiningsforskrifta frå 2004 under § 2-14.

Ein kan få innsyn i saka sine dokument hjå Statsforvaltar. Dei to rapportane frå COWI er sendt til kommunestyret.

5. Er reinsingsløysingane tilstrekkelege til å beskytte livet ved og i Bandak?

Endeleg søknad om reinseløysingar er ikkje sendt, men krav etter forskrift og lov er strenge for å sikre livet ved og i ferskvatn.

Kva for vilkår til reinsing som vil bli sett i eit utsleppsløyve er det Statsforvaltaren som skal avgjere.

6. Korleis stiller Tokke kommune seg til COWI si bekymring for at reinsingsløysingane kanskje ikkje er gode nok til å beskytte det sårbare miljøet?

Det har kome to konsulentrapportar knytt til dagens tilstand. COWI-rapport frå 3. september 2026 har tittel; « Miljøtekniske grunnundersøkelser på industriområdet i Storvegen 42 på Dalen». På side 20 er det fylgjande oppsummering:

«7 Samlet forurensningsvurdering

En samlet vurdering av forurensningssituasjonen i løsmassene på industriområdet tilsier at den påviste forurensningen i TKL5 i prøvepunkt DMP06 mellom 1-2 m må avgrenses horisontalt og vertikalt før eventuelle gravetiltak iverksettes. Forurensningen i prøvepunktet utgjøres av arsen (TKL 3), bly (TKL 5), kadmium (TKL2), kobber (TKL3) og sink (TKL4). Forurensingen har etter vårt skjønn ingen sammenheng med Dalen Mekaniske Produksjon AS sin virksomhet fra 2018 til 2026 på industriområdet, men har blittfylt inn før deres tid, enten av tidligere bedrifter eller under utfylling av industriområdet 1950-60-tallet. Forurensningens utbredelse er antagelig begrenset over et mindre areal. Gitt den nærliggende resipientens store volum med fortynningsvann, antas det at eventuelle effekter på biota av løste metaller i grunnvann som tilføres fra industriområdet til Bandak er lavt, kontra årlig samlet avrenning av overvann fra tette flater og OV-nettet på Dalen til innsjøen.

De relativt høye konsentrasjonene av aluminium i løsmassene antas å ha sammenheng med bergartene på Dalen. Videre antas det at TBT vil kunne påtreffes i lave konsentrasjoner videre mot øst fra prøvepunkt DMP08 (0-1 m), dog er den påviste konsentrasjon av TBT i prøvepunktet markant lavere enn hva som påvises i løsmasser på private marinaer i tilknytning til sjø. Alle øvrige prøver/dyp ligger innenfor de enkelte stoffenes normverdi i TKL1.»

Det har også kome ein annan COWI rapport frå september i år med tittel: «Kjemisk karakterisering av grunnvann og vann fra Eidsborgtjernbekken». På side 11 er det oppsummering:

«4. Oppsummering og konklusjon

Konsentrasjon av kobber og sink er høyere i stikkprøven fra Eidsborgbekken oppstrøms

industriområdet, men det er påvist konsentrasjon av flere metaller (arsen, bly, kadmium og nikkel) i grunnvannet enn i bekken. Kjemisk oksygenforbruk er mer enn dobbelt så høyt ved ST. EIDS-OPP01 i bekken, enn i grunnvannet fra industriområdet ved DMPs produksjonshall. Den forhøyede konsentrasjon av aluminium i stikkprøvene av grunnvann henger sannsynligvis sammen med det høye aluminium innholdet i løsmassene og de innfylte sprengsteinsmassene på industriområdet.

Det at det påvises xylen i grunnvannet etter å ha rensepumpet grunnvannsbrønn for ca.120 liter vann før prøvetaking tyder på at det foreligger en svak kilde på industriområdet.

Grunnvannsbrønn er plassert ikke langt fra rørgaten som tidligere var tilknyttet en innvendig oljeutskiller som nå er fjernet. Rørgata går under sålen på fabrikkbygget, men starter på motsatt side av DMPs nye fabrikkhall mot Storvegen. Der står det en kum med slisset åpent lokk som ikke er blendet i en forsenkning ved lasterampa som mottar avrenning av overvann under nedbør fra den store asfalterte plassen på oversiden. Denne kummen var koblet på den innvendige oljeutskilleren, og har fremdeles fri passasje til Eidsborgtjernbekken.

Stikkprøven av grunnvann og Eidsborgtjernbekken gir oss kun et øyeblikksbilde. For å kunne si noe om tilstand til grunnvannet på industriområdet og vassdraget må det tas flere prøver over tid. Dette for å få et tilstrekkelig datagrunnlag til å kunne vurdere vannkvaliteten til vannforekomstene.»

Rapportane til COWI viser at forureininga vi har på Tippen har kome i samband med utfylling og tidlegare næringsaktivitet på Tippen sidan 1950- og 1960-talet.

Det har ikkje kome fleire rapportar frå COWI som eg kjenner til. Slik eg tolkar rapportane frå COWI er det ikkje grunnlag for uttrykke ei uro knytt til kvaliteten på reinseløysingane som Dalen Mekaniske Produksjon ynskjer å byggje. Men konsulentselskapet tilrår å fylgje opp med framtidige målingar for å måle framtidige eventuelle endringar i utslepp.

Vedlegg

Les meir expand_more