01
Helse, oppvekst, kultur og idrettsutval si tilråding
Innstilling
Behandlet
1. Følgjande strekningar blir definert som særskild farleg under kommunens ansvar:
Tokke skule:
- Elevar frå Eidsborgberget frå 1.-10. klasse langs Fv 450 i vinterhalvåret (frå 15.10 til 01.04) begge vegar.
Høydalsmo skule:
- Elevar på 1.- 10. klassesteg har rett til skyss langs E134 og på strekninga Tveiten – krysset- Høydalsmo skule. Dette gjeld ikkje elevar som kan fylgje gang- og sykkelveg til skulen.
- Skuleskyss på Øyfjellvegen Fv 3410. Gjelder elevar i 1.-10. klasse heile året.
- Elevar i Kvålsgrend får rett til skuleskyss.
2. I saker der det er usemje mellom føresette og kommune/fylkeskommunen bør ein gjere følgjande:
- gjennomføre synfaring med fagkompetanse og risikovurdering
- vurdere om ein kan gjere enkle tiltak som til dømes skilting, vurdere å sette ned fartsgrense ved start/avslutning av skuledagen eller utbetre haldeplass dersom dette let seg gjere
--slutt på innstilling--
Vedlegg
Les meir
expand_more