Hopp til hovudinnhaldet
01

Helse, oppvekst, kultur og idrettsutval si tilråding

Innstilling Publisert

1. Vinje kommune blir teken inn i Interkommunal psykologteneste i Vest-Telemark frå 1. januar 2027.

2. Hjartdal kommune blir ikkje teken inn i samarbeidet frå 1. januar 2027. Ei eventuell tilslutning blir vurdert på nytt etter at utvidinga med Vinje er evaluert.

3. Interkommunal psykologteneste blir styrkt med 0,5 psykologårsverk, slik at tenesta samla disponerer 2 psykologårsverk. Psykologressursen blir ført tilbake frå Rask psykisk helsehjelp. Rask psykisk helsehjelp blir tilført annan relevant terapeutisk kompetanse tilsvarande 0,5 årsverk.

4. Tenesta blir vidareført som eit vertskommunesamarbeid med Seljord kommune som vertskommune. Samarbeidet skal ha ei styringsgruppe med representantar på kommunalsjefnivå og ei arbeidsgruppe med fagansvarlege frå aktuelle tenesteområde.

5. Kostnadene blir fordelte mellom deltakarkommunane etter folketal.

6. Barn og unge skal framleis vere det prioriterte innsatsområdet. Psykologtenesta får i tillegg ansvar for fagleg rettleiing av Rask psykisk helsehjelp. Styringsgruppa får fullmakt til å endre prioriterte innsatsområde innanfor rammene av samarbeidsavtalen.

7. Digitale kommunikasjonsløysingar skal vere ein vesentleg del av drifta, slik at reisetid blir avgrensa og ressursane blir nytta effektivt.

8. Framlagt samarbeidsavtale om Interkommunal psykologteneste mellom Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje kommunar blir godkjend. Avtala gjeld frå 1. januar 2027.

--slutt på innstilling--

Vedlegg

Les meir expand_more
02

Forslag frå FrP

Forslag Presentert av: Stål Inge Gjetmundsen På vegner av Fremskrittspartiet Publisert

TOKKE FRP STØTTER FORSLAG OM Å UTSETTE SAKEN

Vedlegg

Les meir expand_more
01

Forslag frå Ap, SV og H

Forslag På vegner av Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Høgre Behandlet

Saka vert utsett. Vil ha uttale frå kommuneoverlege og barne-og ungdomsrepresentant.

Vedlegg

Les meir expand_more