Helse, oppvekst, kultur og idrettsutval si tilråding
Det blir ikkje oppstart av skulefritidsordning på Åmdals Verk frå haust 2027. Borna som treng skulefritidsordning, vil få tilbod på Tokke skule.
--slutt på innstilling--
Behandling
Helse, oppvekst, kultur og idrettsutval si tilråding:
Det blir ikkje oppstart av skulefritidsordning på Åmdals Verk frå haust 2027. Borna som treng skulefritidsordning, vil få tilbod på Tokke skule.
--slutt på innstilling--
Laila K. Taraldlien (Senterpartiet) fremja følgjande forslag på vegne av Sp, MDG, FrP:
Etter ynskje frå føresette blir det oppretta tilbod om SFO på Åmdals Verk frå 01.08.2027. Det skal vere tilbod før skulestart om morgonen og etter skuletid om ettermiddagen, samt ved skulefri på torsdagar. SFO på Åmdals Verk følger barnehagens opningstid og stenges dei same fire vekene om sommaren som barnehagen. Kostnaden skal innarbeidast i budsjettet.
Votering:
Forslag frå Sp, MDG og FrP vart vedteke med 13 mot 8 stemmer.
Helse, oppvekst, kultur og idrettsutval si tilråding
Arbeiderpartiet (5/6)
Høgre (1/1)
Kristeleg Folkeparti (1/1)
Sosialistisk Venstreparti (1/1)
Forslag frå Sp, MDG og FrP
Arbeiderpartiet (1/6)
- Stein Olav Lie
Fremskrittspartiet (1/1)
Miljøpartiet Dei Grøne (1/1)
Senterpartiet (10/10)
Vedtak
Laila K. Taraldlien (Senterpartiet) sitt forslag vart sett opp mot Helse, oppvekst, kultur og idrettsutval si tilråding