01
Formannskapet si tilråding
Innstilling
Behandlet
Tokke kommune vedtek i medhald av Plan- og bygningslova §12-12 reguleringsplan for Fv. 450 Vrengen bru, planID 20240001, med tilhøyrande plankart og føresegner som er datert 18.09.2026.
--slutt på innstilling--
Vedlegg
Les meir
expand_more
02
Forslag frå S. Bakke (Sp) vedk. Vrengen bru
Forslag
Behandlet
Framlegg frå Sverre Bakke SP vedk. reguleringsplan for Vrengen bru:
Med heimel i plan og bygningslova §12-12 vedtek Tokke kommunestyre ikkje å godkjenne det framlagde forslaget til reguleringsplan for fv. 450 ved Vrengen bru.
Ein har følgjande grunngjeving:
- Den føreslege planen har ei linjeføring som ikkje rettar opp den trafikkfarlege svingen inn på Vrengen bru slik den er i dag. Gjennom åra har det vore ein del utforkøyringar i denne svingen. Når ein skal ruste opp ein fylkesveg må ein forvente at ei dårleg linjeføring vert retta opp. Alternativ trase vil rette opp i denne uheldige linjeføringa.
- Fylkesveg 450 har no vore stengt i mange og lange periodar dei siste åra. Ved å velje alternativ trase vil ein kunne bruke den gamle traseen under anleggsperioden og unngå å stenge adkomsten til Dalen i anleggsperioden.
- Ein viser til tidlegare grunngjeving med at det vil gjeva store miljømessige konsekvensar i eit viktig kulturlandskap som Eidsborg er. Det vil og vera store ulemper for garden Reflebrekk.
Vedlegg
Les meir
expand_more