Hopp til hovudinnhaldet

Formannskapet si tilråding

Tokke kommune vedtek i medhald av Plan- og bygningslova §12-12 reguleringsplan for Fv. 450 Vrengen bru, planID 20240001, med tilhøyrande plankart og føresegner som er datert 18.09.2026.

--slutt på innstilling--

Behandling

Formannskapet si tilråding:

Tokke kommune vedtek i medhald av Plan- og bygningslova §12-12 reguleringsplan for Fv. 450 Vrengen bru, planID 20240001, med tilhøyrande plankart og føresegner som er datert 18.09.2026.

--slutt på innstilling--

Sverre Bakke (Senterpartiet) fremja følgjande forslag:

Framlegg frå Sverre Bakke SP vedk. reguleringsplan for Vrengen bru:

Med heimel i plan og bygningslova §12-12 vedtek Tokke kommunestyre ikkje å godkjenne det framlagde forslaget til reguleringsplan for fv. 450 ved Vrengen bru.

Ein har følgjande grunngjeving:

  1. Den føreslege planen har ei linjeføring som ikkje rettar opp den trafikkfarlege svingen inn på Vrengen bru slik den er i dag. Gjennom åra har det vore ein del utforkøyringar i denne svingen. Når ein skal ruste opp ein fylkesveg må ein forvente at ei dårleg linjeføring vert retta opp. Alternativ trase vil rette opp i denne uheldige linjeføringa.
  2. Fylkesveg 450 har no vore stengt i mange og lange periodar dei siste åra. Ved å velje alternativ trase vil ein kunne bruke den gamle traseen under anleggsperioden og unngå å stenge adkomsten til Dalen i anleggsperioden.
  3. Ein viser til tidlegare grunngjeving med at det vil gjeva store miljømessige konsekvensar i eit viktig kulturlandskap som Eidsborg er. Det vil og vera store ulemper for garden Reflebrekk.

Forslag frå S. Bakke (Sp) vedk. Vrengen bru vart vedteke med 14 mot 7 stemmer.

Formannskapet si tilråding: Arbeiderpartiet (3), Fremskrittspartiet (1), Høgre (1), Miljøpartiet Dei Grøne (1), Sosialistisk Venstreparti (1)

Forslag frå S. Bakke (Sp) vedk. Vrengen bru: Arbeiderpartiet (3; Mette Lillegård, Stein Olav Lie, Solbjørg Frantzen), Kristeleg Folkeparti (1), Senterpartiet (10)

Vedtak