Kommunedirektørens tilråding
- Tokke kommune sluttar seg til framlagt plan for etablering av dagsturhytte ved Oftevatn i Høydalsmo.
- Dagsturhytta skal etablerast på halvøya ved Oftevatn med flytting og rehabilitering av den eksisterande bygningen ved Høydalsmo kyrkje.
Behandling
Kommunedirektørens tilråding:
- Tokke kommune sluttar seg til framlagt plan for etablering av dagsturhytte ved Oftevatn i Høydalsmo.
- Dagsturhytta skal etablerast på halvøya ved Oftevatn med flytting og rehabilitering av den eksisterande bygningen ved Høydalsmo kyrkje.
Forslaget vart samrøystes vedteke.
Benedikte Nes (Miljøpartiet Dei Grøne) fremja følgjande tilleggsforslag:
Før tiltaket setjast i verk skal kommunen ha gjennomført ei registrering av naturverdiar, slik at ein ivaretek plikt til utgreiing som nedfelt i lov om naturmangfald.
Ein skal søkje dei mest skånsomme løysingane, både for sjølve tiltaket og byggjefase. Det gjeld også utforming av sti.
Forslaget vart samrøystes vedteke.
Vedtak