Forslag

Interpellasjon til kommunestyret 210524

01
Forslag frå J. Felland (Sp)
Forslag
Behandlet
«Tokke kommunestyre ber administrasjonen om å legge fram sak knytt til vårt innkjøpsreglement med naudsynte oppdateringar. I det nye reglementet skal det takast inn eit punkt om at kommunen ikkje skal kjøpe varer og tenester som er produsert på okkupert område vedteke av FN. Tokke kommune skal også arbeide for at dette skal inn som eit særleg punkt i reglementet til Telemark innkjøpssamarbeid.»

Vedlegg

Les meir
02
Svar frå ordførar Jarand Felland
Innstilling
Publisert
Svar på interpellasjon frå Sigrid Marit Jonassen Verpe (Ap) ved ordførar Jarand Felland (Sp) 21. mai 2024:Interpellasjonen frå kommunestyrerepresentant Verpe gjeld spørsmål om Tokke kommune bør unngå å kjøpe varer og tenester som har sitt opphav frå israelske busettingar på okkupert palestinsk område.Etter lov om offentlege innkjøp (anskaffelser) frå 2016 heiter det i § 5 fyrste ledd tredje setning:«Disse oppdragsgiverne skal også ha egnede rutiner for å fremme respekt for grunnleggende menneskerettigheter ved offentlige anskaffelser der det er en risiko for brudd på slike rettigheter.»Tokke kommune sitt innkjøpsreglement blei vedteke 30. april 2019. Innkjøpsreglementet har ikkje særeigne reglar om etisk handel. Men reglementet viser til lov om offentlege innkjøp og vi er uansett underlagt norsk lov.Tokke kommune er også deltakar i Telemark Innkjøpssamarbeid (TIS)  saman med Nome, Midt-Telemark, Seljord, Kviteseid, Nissedal og Vinje. I samsvar med reglement og strategi versjon 0.3 fylgjer det av punkt 7.3 fyrste setning:«Kommunane skal i forkant av kvart innkjøp vurdere risiko i høve til brot på grunnleggande arbeidsrett, menneskerett og andre etiske normer.»Færder kommune i Vestfold hadde eit tilsvarande spørsmål oppe i sitt kommunestyremøte i februar 2024. Kommunestyret vedtok med 20-19 å legge til i sitt innkjøpsreglement setningen som er understreka:«I anskaffelser til kommunen skal etiske prinsipper vedr korrupsjon, arbeidskriminalitet samt etisk handel og produksjon iht lov, forskrift, anerkjente standarder og internasjonale konvensjoner ivaretas. Dette inkluderer også en forpliktelse til å unngå anskaffelse av varer og tjenester som er produsert på ulovlig okkupert område vedtatt av FNDet som skjer av undertrykking i Palestina og andre okkuperte områder i verda er forferdeleg. Eit tydeleg signal frå Tokke kommune og andre kommunar kan over tid bidra til betre tilhøve på okkuperte område både i Palestina og andre område i verda.Ordførar vil foreslå fylgjande alternativ til Verpe sine to framlegg:«Tokke kommunestyre ber administrasjonen om å legge fram sak knytt til vårt innkjøpsreglement med naudsynte oppdateringar. I det nye reglementet skal det takast inn eit punkt om at kommunen ikkje skal kjøpe varer og tenester som er produsert på okkupert område vedteke av FN. Tokke kommune skal også arbeide for at dette skal inn som eit særleg punkt i reglementet til Telemark innkjøpssamarbeid.»

Vedlegg

Les meir