Hopp til hovudinnhaldet

Votering er ferdig i denne saka.

Resultat av votering

14:18 Kommunedirektøren si tilråding

Teknisk utval gjev i medhald av plan- og bygningslova (pbl) § 19-2 dispensasjon frå reguleringsplanen «Mylna», planID 20210002 som omsøkt, slik at regulert kaifront kan flyttast fram med inntil 4 m mot nord på areal regulert til hamneområde i sjø.

Teknisk utval vurderer det slik at ved å flytte fram kaifronten vil det vere lettare å realisere ei kai då der ved noverande regulert kaifront er ei skrånande steinfylling og betongplatting mellom land og sjø. Arealet kan ikkje nyttast til kai med tilflot utan at kaia blir bygd med front flytta fram i høve regulert føremålsgrense. Teknisk utval ser det difor slik at dispensasjon for tiltaket ikkje vil setje vesentleg til side føremålet med reguleringsplanen, men heller oppfylle intensjonen med planen. Plan- og bygningslova sine føremål eller regionale/nasjonale interesser vert ikkje ramma og fordelane ved å gje dispensasjon synest også å vere klart større enn ulempene.

Vedteke

MOT

0

FOR

7
Berit Roppen Senterpartiet Bjørn Gunnar Tafjord Kristeleg Folkeparti Per Karsten Ødegård Industri- og Næringspartiet Berit Overvåg Hjorth Høgre Hans Petter Th. Ulstein Høgre Alf Johan Antonsen Framstegspartiet Marianne Breivik Arbeidarpartiet