Resultat av votering

Saksframlegg - søknad om dispensasjon - gesimshøgd, gnr. 8, bnr. 199

Votering er ferdig i denne saka.

14:40 Kommunalsjefen si tilråding

Teknisk utval finn ikkje grunnlag for å kunne gi dispensasjon for gesimshøgd på 7,9 meter som omsøkt for ombygging av bustadhus på gnr. 8, bnr. 199. Utvalet viser til § 6.1, bokstav a) 3. ledd i reguleringsplanen (planID20130002) og § 7.1.1, bokstav d) i føresegnene til arealdelen av kommuneplanen, jf. også saksutgreiinga og plan- og bygningslova (PBL) § 19-2, 2. ledd.

Planlagt bygg vil få vesentleg høgare gesimshøgd enn det reguleringsplanen gir høve til. Takformen på omsøkt tiltak vil i seg sjølv forsterke høgdeverknaden i høve utforming av bygg med saltak.

Teknisk utval meiner at gesimshøgd på 7,9 meter i høve gjennomsnittleg planert terreng vil vesentleg sette til side intensjonen bak føresegnene i reguleringsplanen og kommuneplanen om maksimal gesimshøgd 6,5 meter.

Vedteke

FOR

7
Berit Roppen Senterpartiet Bjørn Gunnar Tafjord Kristeleg Folkeparti Per Karsten Ødegård Industri- og Næringspartiet Berit Overvåg Hjorth Høgre Hans Petter Th. Ulstein Høgre Alf Johan Antonsen Framstegspartiet Marianne Breivik Arbeidarpartiet

MOT

0