Forslag

Utlegging av sand - Eiksundstranda - gnr. 70, bnr. 39

01
Kommunalsjefen si tilråding
Innstilling
Behandlet

1.Teknisk utval godkjenner søknaden om utlegging av skjelsand på Eiksundstranda med gnr. 70, bnr. 39 som omsøkt, i samsvar med plan- og bygningslova (pbl) § 21-4.

2.Følgjande dokument ligg til grunn for godkjenninga:

- Situasjonskart, datert 23.05.2024.

3.Med heimel i naturmangfoldlova (nml) vert det sett følgjande vilkår for godkjenninga: 

- For å unngå vesentleg partikkelspredning i vatnet som kan råke torskens gyting/oppvekst skal arbeidet ikkje pågå i perioden 01.02 - 31.05, jf. nml § 9.

- Massane skal vere fri for forureining og skal før utlegging undersøkast om dei inneheld framande organismar som kan gje uheldige føringar for det biologiske mangfaldet, jf. nml § 28.

- Den ansvarlege må sette inn eigna tiltak for å hindre slik risiko, jf. punkta over. Skriftleg dokumentasjon på dette skal innsendast til plan- og bygningsavdelinga før sanden vert lagt ut.

Vedlegg

Les meir