Forslag

Vedtak om deling - Gnr. 17, bnr. 6 - Frådeling og dispensasjon for bustadhus og garasje - Haddalvegen 51

01
Kommunalsjefen si tilråding
Innstilling
Behandlet
  1. Teknisk utval gjev med heimel i Jordlova § 12 løyve til å dele frå inntil eitt-1- dekar i to parsellar rundt hus nr. 2 med hage og garasje slik det går fram av søknaden. Dette vert grunngjeve med at delinga ikkje vil vere til drifts- eller miljømessige ulemper for landbruksdrifta på eigedommen eller i området eigedommen ligg.

    • Teknisk utval gjev med heimel i plan- og bygningslova (pbl) § 19-2 dispensasjon frå delingsforbodet i LNF-område av kommuneplanen, slik at frådeling kan gjennomførast om lag som omsøkt. Sett frå driftsgrunnlaget er det ikkje behov for to bustadhus på garden. Omsynet bak delingsforbodet vert ikkje sett vesentleg til side, og fordelane med dispensasjonen er vurdert til å vere større enn ulempene. Teknisk utval legg også vekt på at den frådelte eigedommen er ein del av ei etablert husrekke og bygningsmiljø langs kommunal veg i denne delen av Haddal. 

      • Det vert sett følgjande vilkår for dispensasjonen:

        • Eigedomsgrensene mot kommunal veg skal i hovudsak følgje opphavlege grenselinjer som ligg i grunnkartet. 

          • Avstanden frå veggliv på løa mot ny grenselinje for garasjetomta skal justerast noko for å kunne utføre vedlikehald frå eigen grunn i større grad enn kart datert 03.01.2023 viser.

            • Breidda på avkøyrsla frå kommunal veg må snevrast inn til maksimum 8 m for å få etablert ei definert avkøyrsle frå kommunal veg. Denne framstår i dag som noko utflytande.

              • Rettar til eventuelle leidningsanlegg i grunnen må sikrast for frådelt eigedom og hovudbruket.

              • Teknisk utval gjer merksam på at det ikkje vil kunne påreknast oppføring av nytt hus nr. 2 på bruket ved eit seinare høve.

                • Frådelingssøknaden vert handsama vidare administrativt etter at oppdatert situasjonskart som viser reviderte grenser er innlevert til teknisk etat.

                  Vedlegg

                  Les meir