Teknisk utval viser til pålegg om retting gjeve i vedtak nr. 114/23, møtedato 07.12.2023 i høve krav om å ordne med tilstrekkeleg parkeringplassar tilhøyrande bustadseksjonane i Forretningsgården, gnr. 8, bnr. 60. Teknisk utval konstaterer at ikkje alle seksjonseigarane har etterkome pålegget innan den nye fastsette fristen 01.04.2024 og gjev difor tvangsmulkt på 200 kr pr. dag gjeldande frå og med 01.07.2024.
Tvangsmulkta vert gjeldande for dei seksjonseigarane som innan 01.07.2024 ikkje har ordna med heimel til overdekt parkeringsplass eller skriftleg avtale som stettar kravet. Mulkta vert gåande til det ulovlege forholdet er retta i samsvar med pålegget om retting, jf. vedtak 97/22 og 114/23, og kommunen har motteke skriftleg dokumentasjon på dette. Heimelen for vedtaket er plan- og bygningslova (pbl) § 32-5.
Tvangsmulkta er fastsett som dagsmulkt med formål å få stetta parkeringskravet for bustadseksjonane i samsvar med tidlegare fastsette vedtak etter plan- og bygningslovgivinga. Storleiken på mulkta er fastsett ut frå regelbrotet si alvorsgrad og fordelar tiltakshavar har hatt av brotet. Mulkta vert etter dette rekna å stå i rimeleg forhold til brotet på regelverket, jf. pbl § 32-10.