1.Ulstein kommunestyre legg til grunn investeringsplanen i vedlegg 2. Tiltak over grøn linje skal vurderast i arbeidet med økonomiplan for 2025 til 2028.
2.Tiltak MP-10 Utbygging Almejordet barnehage vert endra til utbygging Høddvollbarnehagen og eventuelt auka kapasitet ved utbygging av barnehage i Hasund om det er behov for det.
3.Ulstein kommune finn ikkje rom for å innarbeide ny kyrkje innafor ramma av 10-årig investeringsplan. Kommunestyret ber difor Ulstein sokn, så fort som råd, legge fram ei enklare løysing som ivertek behov for kontorlokale og rom til undervisning som kan fungere som ei løysing fram til nytt kyrkjebygg kan realiserast.
Det må avklarast om der er økonomiske-, bruksmessige- eller andre gevinstar mellom dette prosjektet og tiltak MP-72 «Kjøpe, renovere eller bygge nytt rådhus»
4.Det skal leggast fram ei sak om etablering av maksimalramme for lån i økonomiplanen 2025 til 2028. Kommunen skal seinast i 2029 være tilbake på lånenivå frå 2023 (1,152 mrd kroner)
5.Ny barnehage i Hasund vert flytta eit år med oppstart i 2026 for å dempe veksten i gjeld i første del av perioden.
6.Effektiv utnytting av investeringar og kostnader ved bruk må ha høgt fokus i Smart prosjektet, spesielt utnyttingsgrad og kostnaden ved bruk av areal.
Nytt punkt 2
2 Tiltak MP-10 Utbygging Almejordet barnehage vert endra til utbygging Høddvollbarnehagen med ei ramme på 23 million. Dei resterande 7 millionane vert avsett til nødvendige oppgraderingar i barnehagane våre.