Kommunalsjefen si tilråding
1.Teknisk utval gjev med heimel i plan- og bygningslova § 19-2 dispensasjon frå LNF-område i kommuneplanens arealdel, og i frå strandsonevernet i plan- og bygningslova § 1-8 for dei omsøkte tiltaka på Eiksundkaia.
2.Teknisk utval godkjenner med heimel i plan- og bygningslova § 20-3 søknaden om bruksendring av kioskbygg til garderobeanlegg, utplassering av containarar, plastring av skråning og montering av VVS-tank.
3.Følgjande dokument ligg til grunn for godkjenninga:
- Planteikningar, datert 14.03.2024
- Situasjonsplan1, datert 12.02.2024
Det vert sett følgjande vilkår i saka:
- Mur rundt tidlegare septiktank skal fjernast, jf. nabomerknad frå gnr. 70, bnr. 1
- Området rundt kioskbygget skal vere sikra, og haldast ryddig til ei kvar tid.
Nabomerknadar blir med dette langt på veg ivaretekne.
Dispensasjonen kan gjevast då omsyna som ligg til grunn for arealføremålet ikkje blir vesentleg tilsidesett. Fordelane ved å gi dispensasjon er samla sett vurdert til å vere større en ulempene. Det blir lagt vekt på at dette er eit opparbeidd kaiområde. Bruksendringa vil gjere kioskbygget meir eigna for tilsette ved Måsøval Drift As, og tiltaka i søknaden vil betre tilhøva ved kaiområdet.