← Tilbake

Sak PS 71/24 - Tertialrapport 1.tertial 2024

01
Kommunedirektøren si tilråding
Innstilling
Behandlet

1. Ulstein kommunestyre godkjenner tertialrapporten for 1.tertial 2024.

2. Kommunestyret ber kommunedirektøren om å utarbeide ei oversikt over grunnbemanning per avdeling til andre tertialrapport. For å kunne styre tilsettingar, skal oversikta vere inndelt i faste og prosjektfinansierte stillingar.

3. Budsjettert rammetilskot vert auka med 1 511 000 og nytta til å styrke budsjettet til NAV (22 000) og skulane sitt SFO-budsjett (1 489 000).

4. Budsjettert inntekt frå refusjon sjukelønn vert auka med 10 479 853 i første tertial, og nytta til å auke lønnsbudsjettet på same ansvar og funksjon som refusjonsinntekten tilhøyrer. Tilsvarande regulering vert gjort for resten av året slik at det ikkje vert avvik mellom rekneskapsført og budsjettert inntekt knytt til refundert sjukelønn.

5. Budsjettet knytt til konto 14290 Momskompensasjon og konto 17290 Momskompensasjon vert regulert tilsvarande faktisk rekneskapsført kostnad/inntekt.

6. Budsjettet til ressursbanken i omsorg vert fordelt etter samme fordelingsprosent som kostnadene vert fordelt etter.

7. Faktisk auka lønnskostnadar som følgje av årets lønnsoppgjer og ansiennitetsopprykk/stillingsendring vert å kompensere frå budsjettmidlane på ansvar 1111 “Pensjon og lønnsoppgjer”.

8. Budsjettet vert regulert tilsvarande endringane i vedlegga “Budsjettendringar 1.tertial 2024 helse og omsorg/oppvekst og kultur/sentraladministrasjonen/teknisk etat”.

Vedlegg

Les meir