Formannskapet viser til høyring om ny samarbeidsavtale mellom kommunane i Møre og Romsdal og Helse Møre og Romsdal HF, og gir slik uttale til nytt avtaleutkast.
Lik kommunedirektøren si tilråding.
Fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne vil legge inn følgende innspel til forslag til ny samarbeidsavtale.
Til punkt 4 i høyringsbrevet er det foreslått å legge ned fagleg utval som har fokus på rehabilitering. Dette skjer samtidig som Møre og Romsdal står i fare for å bli utan eigne rehabiliteringsinstitusjonar. Det går føre seg forhandlingar både politisk og administrativt for å få behalde Muritunet, utan at endelege avgjerslar er tatt medan kommunane skal ta stilling til dette punktet no. Blir dette endeleg vedteke er det viktigare at helseforetak og kommunane har ein felles møteplass som diskuterar rehabilitering.
Til punkt 1.4 i delavtalen om samarbeid under opphald og ved utskriving står det mykje om sjukehuset og kommunen, men vi saknar pasienten her og ansvaret for å involvere pasient og pårørande i prosessen. Det bør utarbeidast skrifleg informasjonsbrev om kven som har ansvar for kva etter utskriving. Transport, blir vedkomande køyrt heim? Er pårørande varsla, er det lys, varme og mat heime? Om pasienten blir sendt heim til instutisjon i kommunen, kva kostar dette? Det er viktig å hugse på at pasienten er i ein sårbar situasjon og hugsar kanskje ikkje alt som det blir informert om.
Ha fokus på god dialog undervegs i behandlinga til pasienten. Dette for å trygge pasienten best mogleg og sikre eit godt samarbeid.