← Tilbake

Sak PS 70/24 - 10-årig investeringsplan 2025–2034

01
Forslag frå Sp
Forslag
På vegner av Senterpartiet
Trukket

MP 111 Køyretøy brannvesen er ikkje ei lovpålagt oppgåve. Føreslått utsatt til 2027

MP 10 Utbygging Almejordet barnehage.

5 million avsett i 2025 for å utbetre arbeidsforhalda for tilsette slik arbeidsmiljølova krev og slik avtalen var ved overtaking.

Resterande 25 million nytta til å utvide kapasitet for å ta inn fleire barnehageborn ved dei kommunale barnehagane.

MP 12 Uteområde ved Ulsteinvik barneskule.

Feil og manglar som kan vere til fare for liv og helse er avdekte på leikeplassar i kommunen. Disse må sikrast og utbetrast snarast råd. Resterande sum kan ein nytte til å utbetre uteområde ved ulsteinvik barneskule.

Vedlegg

Les meir
02
Forslag frå SV
Forslag
På vegner av Sosialistisk Venstreparti
Behandlet

Våre skoleelever skal ha eit godt inneklima. Det må vi ha råd til. Vi ønskjer å ta inn punkta MP11 ventilasjon Hasund skule 3 000 000 kr og MP15 ventilasjon gamle Ulsteinvik barneskule 4 000 000 kr i planen i 2028. Vi ønskjer å ta ut 032203 Helseplattforma og flytte 15 000 000 av desse midlane til 2028 med ny tekst "innføring av alternativt system til Helseplattforma"

Vedlegg

Les meir
03
Forslag frå Sp
Forslag
På vegner av Senterpartiet
Behandlet

MP 12 Uteområde ved Ulsteinvik barneskule.

Feil og manglar som kan vere til fare for liv og helse er avdekte på leikeplassar i kommunen. Disse må sikrast og utbetrast snarast råd. Resterande sum kan ein nytte til å utbetre uteområde ved ulsteinvik barneskule.

Vedlegg

Les meir
04
Forslag frå KrF
Forslag
På vegner av Kristeleg Folkeparti
Behandlet

MP-110 Soknet - Audiovisuelt utstyr Ulstein kyrkje 750000 kr vert flytta opp til prioriterte tiltak

MP-26 Utfasing gamle lysrør formålsbygg. 500 000 kr vert flytta frå 2025 til 2026

MP-58 Oppgradering av kommunale vegar vert redusert frå 2500000 kr til 2250000 kr i 2025

Vedlegg

Les meir
05
Motforslag frå Ap
Motforslag
På vegner av Arbeidarpartiet
Behandlet

Nytt pkt 5

Det vert sett av kr 2 mill på investeringsplanen for 2025 slik at prosjektet kan oppstartast så snart det er praktisk muleg. Resten av investeringsramma for 2025 vert flytta til 2026. Summen kan eventuelt hentast frå unytta prosjektmidlar hausten 25. Då vil ein unngå nytt låneopptak før i 2026. Dermed reduserer ein gjeldsveksten i første del av perioden.

Vedlegg

Les meir
06
Tilråding frå formannskapet 18. juni
Innstilling
Behandlet
  1. Ulstein kommunestyre legg til grunn investeringsplanen i vedlegg 2. Tiltak over grøn linje skal vurderast i arbeidet med økonomiplan for 2025 til 2028.

    • Tiltak MP-10 Utbygging Almejordet barnehage vert endra til utbygging Høddvollbarnehagen med ei ramme på 23 million. Dei resterande 7 millionane vert avsett til nødvendige oppgraderingar i barnehagane våre. 

      • Ulstein kommune finn ikkje rom for å innarbeide ny kyrkje innafor ramma av 10-årig investeringsplan. Kommunestyret ber difor Ulstein sokn, så fort som råd, legge fram ei enklare løysing som ivertek behov for kontorlokale og rom til undervisning som kan fungere som ei løysing fram til nytt kyrkjebygg kan realiserast. Det må avklarast om der er økonomiske-, bruksmessige- eller andre gevinstar mellom dette prosjektet og tiltak MP-72 «Kjøpe, renovere eller bygge nytt rådhus» 

        • Det skal leggast fram ei sak om etablering av maksimalramme for lån i økonomiplanen 2025 til 2028. Kommunen skal seinast i 2029 være tilbake på lånenivå frå 2023 (1,152 mrd kroner)

          • Ny barnehage i Hasund vert flytta eit år med oppstart i 2026 for å dempe veksten i gjeld i første del av perioden.

            • Effektiv utnytting av investeringar og kostnader ved bruk må ha høgt fokus i Smart prosjektet, spesielt utnyttingsgrad og kostnaden ved bruk av areal.  

              Vedlegg

              Les meir
              07
              Uttale frå levekårsutvalet 12. juni
              Innstilling
              Publisert

                          08
                          Kommunedirektøren si tilråding
                          Innstilling
                          Publisert
                          1. Ulstein kommunestyre legg til grunn investeringsplanen i vedlegg 2. Tiltak over grøn linje skal vurderast i arbeidet med økonomiplan for 2025 til 2028.

                            • Tiltak MP-10 Utbygging Almejordet barnehage vert endra til utbygging Høddvollbarnehagen og eventuelt auka kapasitet ved utbygging av barnehage i Hasund om det er behov for det.