Tilråding: Anderson vert kjent ugild.
Bakgrunn:
Lisa Mari Breivik Anderson er leiar for Hasund og Dimnøy skulekorps, men korpset kjøper ikkje dirigenttenester frå Ulstein kulturskule i dag. Ho har vore med på eit møte saman med leiarane for dei to andre skulekorpsa og oppvekstsjef og rektor ved kulturskulen. Vi kan ikkje sjå at ho er automatisk inhabil etter habilitetsreglane i forvaltningslova § 6 første ledd. Ein folkevald kan vidare vere inhabil dersom det ligg føre «andre særegne forhold» som er «egnet til å svekke tilliten til hans upartiskhet», jf. forvaltningslova § 6 andre ledd. I vurderinga skal det mellom anna leggast vekt på om avgjerda i saka kan innebere ein «særleg fordel, tap eller ulempe for ham selv eller noen som han har nær personlig tilknytning til». Føresegna opnar med dette for ei brei, skjønnsmessig og objektiv vurdering. Ved vurderinga vil det ha betyding kor nær tilknytinga er, arten og styrken av fordelen eller ulempa, og kor sannsynleg det er at fordelen eller ulempa vil inntreffe. Vurderinga må gjerast på bakgrunn av omsyna til å sikre korrekte avgjerder og bidra til å oppretthalde tilliten til forvaltninga. Denne saka har ikkje nokon økonomiske eller andre konsekvensar for Breivik Anderson personleg. Utfallet i saka vil heller ikkje ha nokon konsekvensar for korpset i dag, ettersom dei ikkje kjøper dirigenttenester no. Dette talar mot at det ligg føre inhabilitet. Samstundes har Breivik Anderson ei leiande stilling i ein organisasjon som kan bli økonomisk påverka av denne saka. Som leiar i ein organisasjon vil ein normalt ha ei sterkare interesse i forhold som gjeld organisasjonen, som går ut over dei interessene ein vanleg medlem eller ein folkevald normalt har. Slike potensielt sterke personlege interesser i ei sak, kan leie til inhabilitet i den aktuelle saka, jf. Forvaltningsloven i kommunene s. 201. I tillegg viser vi til at ho også har vore i møte med kommunalsjef og rektor for kulturskulen, for å gjere greie for sitt syn på saka, som leiar for korpset. Etter ei samla vurdering av forholda i saka meiner vi at det ligg føre slike særegne forhold som er eigna til å svekkje tilliten til hennar upartiskheit, jf. forvaltningslova § 6 andre ledd. Vår tilråding er difor at ho er inhabil.