Ulstein kommunestyre godkjenner ei auka investeringsramme på 158.000 kr, til fullfinansiering av nytt kunstgrasdekke på Høddvoll. Tiltaket vert finansiert over kapitalfondet.
Ulstein kommunestyre er open for at UEKF gjer avtale med Hasundgot IL om reetablering av det brukte kunstgrasdekke frå Høddvoll, på Hasundgot stadion, og at sparte midlar i investeringsprosjektet då kan omdisponerast til Hasundgot IL.
Ulstein kommunestyre legg til grunn at Hasundgot IL stiller med eigeninnsats og eigenkapital for å få gjennomført prosjektet.