Forslag

Dispensasjon for tilbygg og fasadeendring - Selvågvegen 176 - Gnr 75 bnr 7

01
Kommunalsjefen si tilråding
Innstilling
Behandlet

Teknisk utval finn ikkje grunnlag for å kunne gje dispensasjon frå byggeforbodet i LNF-område og frå byggegrensa mot Aursnesvatnet, jf. kommuneplanens arealdel med føresegn § 8.1.1 og omsynssone H540, for oppføring av tilbygg på fritidsbustaden på gnr. 75, bnr. 7 som omsøkt.

Grunngjeving for avslaget er at dispensasjonen vil kunne setje vesentleg til side det overordna omsynet som ligg bak dei nemnde forboda. Det er også lagt stor vekt på at eigedomen ligg i omsynssonene for friluftsliv H-530 i arealdelen av kommuneplanen som tilseier at eksisterande hytter bør haldast ved like utan vesentleg endring i storleik. Teknisk utval meiner at omsøkt tilbygging er ei vesentleg utviding av storleik og viser elles til at Statsforvaltaren i Møre og Romsdal rår ifrå at dispensasjon vert gjeve som omsøkt.

Teknisk utval er likevel positive til at hytta kan utvidast, men då med eit vesentleg mindre tilbygg enn det omsøkte der samla bruksareal for hytta kan bli på inntil 50 m2 BRA. Dette under føresetnad av at tiltaket, inkludert terrasse, ikkje kjem nærare Aursnesvatnet enn hytta i dag, og at byggehøgda ikkje vert auka. Teknisk utval gjev administrasjonen mynde til å handsame ein eventuell revidert søknad som er i samsvar med desse vilkåra.

Vedlegg

Les meir