Resultat av votering

Nettstasjon - Saunesvegen - Gnr 8 bnr 259

Votering er ferdig i denne saka.

12:46 Innstilling frå A. R. Vik (Kommunalsjef)

I medhald av plan- og bygningslova (pbl) § 19-2 gjev teknisk utval dispensasjon frå reguleringplanen Saunesosen, og ifrå byggegrense mot kommunal veg for plassering av ny nettstasjon på kommunal grunn med gnr. 8, bnr. 259.

Teknisk utval viser til at dispensasjonen i liten grad vil tilsidesette omsyna som ligg til grunn for arealformålet i reguleringsplanen. Formålet er å dekkje eit kraftbehov for framtida noko som kan seiast å vere i tråd med sentrumsformålet i kommuneplanen. Plasseringa av nettstasjonen gir også kommunen betre høve til rasjonell og tenleg utnytting av omkringliggjande friareal, spesielt sidan eksisterande nettstasjon skal sanerast. Fordelane ved å gje dispensasjon synest å vere klart større enn eventuelle ulemper for omgjevnadane.

Vedteke

FOR

7
Berit Roppen Senterpartiet Bjørn Gunnar Tafjord Kristeleg Folkeparti Per Karsten Ødegård Industri- og Næringspartiet Hans Petter Th. Ulstein Høgre Linda Kjellevold Fremskrittspartiet Alf Johan Antonsen Framstegspartiet Marte Gurskevik Skeide Arbeiderpartiet

MOT

0