Forslag

Nettstasjon - Saunesvegen - Gnr 8 bnr 259

01
Innstilling frå A. R. Vik (Kommunalsjef)
Innstilling
Behandlet

I medhald av plan- og bygningslova (pbl) § 19-2 gjev teknisk utval dispensasjon frå reguleringplanen Saunesosen, og ifrå byggegrense mot kommunal veg for plassering av ny nettstasjon på kommunal grunn med gnr. 8, bnr. 259.

Teknisk utval viser til at dispensasjonen i liten grad vil tilsidesette omsyna som ligg til grunn for arealformålet i reguleringsplanen. Formålet er å dekkje eit kraftbehov for framtida noko som kan seiast å vere i tråd med sentrumsformålet i kommuneplanen. Plasseringa av nettstasjonen gir også kommunen betre høve til rasjonell og tenleg utnytting av omkringliggjande friareal, spesielt sidan eksisterande nettstasjon skal sanerast. Fordelane ved å gje dispensasjon synest å vere klart større enn eventuelle ulemper for omgjevnadane.

Vedlegg

Les meir